Slik ser det ut der SFE sine reparatørar har gjort jobben

Lågspentstolpe i øvre Standal etter at SFE har vore ute og reparert den.

Lågspentstolpe i øvre Standal etter at SFE har vore ute og reparert den. Foto:

Slik har straumstolpen stått - med straumen på - i over tre månader.

DEL

[FIRDAPOSTEN]: I går skreiv Firdaposten om frustrasjonen til folk i den austre enden av kommunen, etter at straumen var borte store delar av helga i Stavang og Standal og bygdene rundt.

– Det eg synest er gale, er at det er vi i bygde-Norge som får skal svi kvar gong, fordi det er dårlege stolpar, dårlege linjer og dårlege forhold. Då er det vel ikkje så mykje dei bryr seg om oss som bur på småplassar i høve folk som bur på større stader, fyrte Svardal av.

Etter at saka blei publisert, fekk Firdaposten tilsendt eit bilde av ein straumstolpe i Øvre Standal. Lågspentstolpen stod med ein taustump rundt midterste leidningen, som erstatning for den manglande isolatoren. Bildet vi då fekk tilsendt, var teke den 21. september, opplyste innsendaren.

Straumen var borte store delar av helga: – Det er vi på bygda som får svi kvar gong

Men tysdag står stolpen framleis der med taustumpen, og vi sende bildet til kommunikasjonsdirektør Lindvik, som i gårsdagens Firdaposten tilbakeviste Steinar Svardal sine påstandar om at det ikkje er skilnad på vedlikehaldsrutinane i utkantane kontra meir sentrale strok. Men Lindvik stadfestar at det er SFE som har vore på staden og «reparert» lågspentstolpen:

«Dette er i Øvre Standal, og det ble gjort ei provisorisk løysing på ein lågspentstolpe fordi vi ved ei feilretting ikkje hadde med ein ny isolator. Dette er ingen sikkerheitsrisiko slik det står no, men vi er heilt einige i at dette ikkje er slik det skal vere. Dette er registrert som eit planlagd arbeid hos oss men har dessverre dratt alt for langt ut i tid. Vi skal reparere dette så snart som mogleg», skriv Lindvik i mail til Firdaposten.

Like før klokka halv tre tysdag ettermiddag tok folk i Standal kontakt med Firdaposten og opplyste at SFE var på staden.

Artikkeltags