Mann henta med ambulanse etter arbeidsulykke

Ein mann i 30-åra er skadd etter at han datt og slo seg.

DEL

Politi og ambulanse rykte ut til ei arbeidsulykke på ein fabrikk i Gunhildvågen i Florø søndag formiddag. Politiet fekk meldinga om hendinga 11.36 søndag.

Ein mann i 30-åra datt og slo hovudet sitt. Han blei henta av ambulanse.

– Mannen datt frå eigen høgde, som betyr at han ikkje stod på stillas eller liknande, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.

– Vi veit ikkje om mannen brukte hjelm, det vil gå gå fram av etterforskinga, seier Halleraker og legg til at dei kjem til å avhøyre den skadde seinare.

Han seier at politiet var ei stund på arbeidsplassen og snakka med vitner. Skadeomfanget er ukjent, melder politiet på Twitter, men mannen var bevisst og oppegåande.

Politiet opprettat sak.

– Arbeidstilsynet skal varslast, det er arbeidsplassen sitt ansvar i slike saker, seier Halleraker.


Artikkeltags