Utvidar tilbodet i Florø

Widerøe kjem med rute mellom Florø og Ålesund.

Widerøe kjem med rute mellom Florø og Ålesund. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORA: Widerøe opnar ny rute.

DEL

Widerøe har no bestemt seg for å fly ettermiddagsruter mellom Florø og Ålesund. Det skriv NRK Sogn og Fjordane.

Det nye rutetilbodet kjem etter innspel frå næringslivet og oljeselskapa i Florø.

– Det har vi valt å ta omsyn til, og difor har vi sett opp dette tilbodet. Vi håpar at marknaden tek godt imot det, og at folk nyttar seg av tilbodet. Vi har god tru på at det vil fungere, seier kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll til NRK.

Ruteendringane vil gjelde frå 1. mai. Ålesund vil gå alle dagar unntatt laurdag. I tillegg vil Widerøe fly ein ekstra flyging til Bergen på ettermiddag alle dagar, unntatt på laurdagen. Ruta mellom Florø og Kristiansund vil framover gå fem dagar i veka, mot to gonger no. Det same gjeld ruta mellom Florø og Molde. Ifølge NRK skal dei også justere rutetilbodet slik at laurdagsflyet til og frå Florø korresponderer med Måløybåten.

Artikkeltags