Ung bilførar meld for stygg forbikøyring

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORA: Ungdomen som no er meld, har hatt førarkortet så kort tid at han framleis har det på prøve.

DEL

– Politiet fekk tips frå folk som var forskrekka etter å ha observert det som vert omtala som ei stygg forbikøyring på riksveg 5 ved Storebru i Flora kommune, seier Espen Gulliksen som er operasjonsleiar ved politiets operasjonssentral i Florø.

Ei politipatrulje rykte ut og fekk etterkvart stansa den unge bilføraren.

Ifølgje Gulliksen er personen som skal ha føreteke den stygge forbikøyringa, heimehøyrande i Sunnfjord, og han har hatt førarkortet i så kort tid at han framleis har det på prøve.

– Vi kjem til etterforske saka ved å snakke med både vitne, og med bilføraren som har fått skuldingar om stygg køyring retta mot seg, avsluttar Gulliksen.

Artikkeltags