Maktskifte i Flora

NY OG GAMMAL: Ola Teigen, (t.h) vart tysdag formelt vald til ny ordførar i Flora, og vart gratulert av forgjengaren Bengt Solheim-Olsen. Foto: Knut Magnussen

NY OG GAMMAL: Ola Teigen, (t.h) vart tysdag formelt vald til ny ordførar i Flora, og vart gratulert av forgjengaren Bengt Solheim-Olsen. Foto: Knut Magnussen Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Med sytten røyster og solid fleirtal vart Ola Teigen (Ap) tysdag formelt vald til ny ordførar i Flora, medan varaordførar Jan Henrik Nygård (V) held fram som før.

DEL

I den skriftlege avstemminga, valde seks å røyste blankt, medan sittande ordførar Bengt Solheim-Olsen fekk åtte røyster. Men utfallet vart gitt på førehand då det formelle maktskiftet i Flora fann stad tysdag. Det nye bystyret er redusert med fire til 31 medlemmer etter valet, og er sett saman av elleve representantar frå Ap og sju frå Høgre. Nykommaren Samlingslista har fem og Venstre tre representantar. Dessutan har Miljøpartiet, SV, Sp, KrF og Frp ein representant kvar.

Formannskapet

Dette fører til at Ap får fire medlemmer i formannskapet, Høgre og KrF får tre, konstellasjonen SV, Sp og MDG får ein representant medan V, Samlingslista og Frp får kvar sin representant i formannskapet.

Ap-dominans

Ap gjorde eit brakval i Flora då dei gjenerobra ordførarklubba som Høgre og Bengt Solheim-Olsen har hatt hand om i fire år, og Ap-dominansen går også att i utvala, der partiet har sikra seg dei viktige leiarposisjonane i dei tunge utvala. Oscar Bergheim skal leie Administrasjonsutvalet, veteranen Lars Terje Standal blir leiar i Plan- og samfunnsutvalet, og dessutan i utbyggingsutvalet, medan Karianne Torvanger blir leiar i Levekårsutvalet.

Bjørn Hollevik frå Høgre skal leie Kontrollutvalet, medan partifellen Vidar Grønnevik blir leiar i Samferdsleutvalet og Kjartan Kvellestad, Samlingslista, skal leie Prosjektutvalet.

Samarbeid

Bystyret har lenge vore prega av motsetnader og krangel, og den nye ordføraren la derfor, i sin første tale til bystyret, vekt på at han ønskte eit godt samarbeid også med opposisjonspartia. Han brukte også mykje tid på å rose forgjengaren Bengt Solheim-Olsen sin innsats, og streka under at Solheim-Olsen alltid hadde vore ein stor patriot med eit glødande engasjement for heimbyen sin.

– Trass i at mange ting har gått feil veg for Flora dei siste åra, har Bengt alltid prøvd å sjå oppsida, og han har alltid framsnakka Flora kommune, sa Teigen, før den avtroppande ordføraren vart takka av med ståande applaus frå bystyret.

Artikkeltags