Lastebil velta ved Svarthumle

VELTA: Lastebilen velta rett før Svarthumlevatnet i retning Florø.

VELTA: Lastebilen velta rett før Svarthumlevatnet i retning Florø. Foto:

DEL

SISTE: Vegen er opna for fri ferdsel.

Vest politidistrikt melder søndag morgon at ein lastebil har velta ved Svarthumlevatnet på Rv. 5 i Flora kommune.

Klokka 09.45 melder brannvesenet at vegen er stengd på grunn av bilberging, men at det er lokal omkøyring for personbilar.

– Det er 3–400 liter diesel som har rent ut i grunnen, seier Odd Aune, vaktleiar på alarmsentralen i Florø.

– Brannvesenet er på staden og driv trafikkdirigering. Bilbergar skal prøve å få bilen på vegen, seier Aune.

Vegen vert stengd i ein til to timar framover på grunn av dette.

Aune seier det ikkje skal ha vore tilløp til brann i bilen.

– Det var to personar i bilen. Dei var ikkje fastklemde, men kom seg heller ikkje ut fordi bilen låg på sida. Naudetatane er no framme på staden og gir til involverte tilsyn. Dei har ikkje meldt om personskade, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

Politiet skal etterforske ulykka, men dei mistenker ikkje promillekøyring.

Ulykka skjedde om lag 07.30 søndag morgon

RIKSVEG 5: Det skal ikkje vere mistanke om promille.

RIKSVEG 5: Det skal ikkje vere mistanke om promille. Foto:

Artikkeltags