– Vi er ute og køyrer om skulen blir oppbevaringsstad for narkotika

VAR AVTALT: – Skulen ønskte sakleg og ikkje-dømmande informasjon, og ønsket kom både frå lærarar, rektor og russen, seier politistasjonsleiar, Wenke Hope, om politibesøket på Flora vidaregåande skule tysdag.

VAR AVTALT: – Skulen ønskte sakleg og ikkje-dømmande informasjon, og ønsket kom både frå lærarar, rektor og russen, seier politistasjonsleiar, Wenke Hope, om politibesøket på Flora vidaregåande skule tysdag. Foto:

Av

FLORØ: Politiet får kritikk for aksjonen på Flora vidaregåande skule tysdag. Men politistasjonsleiar Wenke Hope forsvarar hendinga.

DEL

Ho er heilt klar på at intensjonen med det førebyggande besøket på skulen var førebygging. 10 politibetjentar, 4 studentar og to narkotikahundar deltok på skulen tysdag.

Inngjekk skriftleg avtale

– Skulen ønskte sakleg og ikkje-dømmande informasjon, og ønsket kom både frå lærarar, rektor og russen. Det er 500 elevar på skulen, så vi vurderte at for å rekke over alle på ein god måte, trengde vi så mykje folk, seier Hope, som peikar på at det var viktig å nå alle elevane:

– Når dei er russ i tredjeklasse, kan det vere for seint.

Kritikken i etterkant har blant anna komme frå ein jusprofessor og frå nestleiar i skulens elevråd. På ulikt vis vert det argumentert for at politiet har teke seg til rette og at framgangsmåten ikkje fremjar tillit mellom politi og ungdommar.

Wenke Hope fortel at politiet blei kontakta av skulen i etterkant av det store MDMA-beslaget i oktober, og at det då vart laga ein avtale om korleis politiet og skulen skulle samarbeide om førebygging. Deler av avtalen er publisert på skulen si nettside.

Der står det at politiet vil gjennomgå skulens fellesområde, korridorar, toalett og andre opne som er offentlege. «Politiets narkotikahundar vil fleire gonger i løpet av skuleåret kunne gå gjennom desse områda, gjerne umeldt, men med skulens godkjenning», heiter det.

Kontakta jurist

– Vi har ikkje noko ønskje om å gå inn i klasserom, gjennomføre personsøk eller søke gjennom enkeltelevars eigedelar. Men vi hadde fått opplysningar om at det skulle ha blitt røykt hasj i skuletida, og dersom vi fann noko i fellesområda, ville vi fjerne det, seier Hope, og strekar under at ingen av elevane dei møtte var påverka.

Saka enda som kjent med at politihundane markerte på to elevar, som deretter fekk sine eigendelar nærare undersøkt og vedgjekk at dei hadde brukt hasj.

Dermed tok hendingane ein annan kurs enn det ein såg føre seg, og dei to elevane vart tekne med inn på eit rom politiet hadde fått tilgang til.

– Kvifor hadde de eit eige rom dersom de skulle snakke om førebygging med alle elevane?

– Når ein har med ein narkotikahund, må ein ha ein plan for kva ein skal gjere dersom den markerer. Ein kan aldri vite kva som vil hende når vi har hundar med. Elevane blei tekne med dit av sivilt politi for å skjerme dei, ikkje for å stigmatisere dei.

Deretter blei vakthavande jurist kontakta, som skreiv vedtaket om at det skulle ransakast heime hos dei. Der vart det beslaglagt brukarutstyr, men ikkje stoff.

Hope meiner dei har eit godt samarbeid med skuleleiinga, og roser rektor Knut Clausen for å følgje elevane sine godt opp.

– Vi hadde vore ute og køyre om vi hadde late skulen bli ein oppbevaringsstad for narkotika.

Måtte ha gitt skriftleg løyve

– Politiet er nøydde å seie at dette var førebyggande arbeid. Det har dei gjort sidan ein identisk aksjon på Vestby skule i 1998, då det vart bråk i etterkant. Viss ikkje, så gjeld straffeprosesslova, med høgare krav til mistanke, rettigheiter for elevane og så vidare, slår jusprofessor Hans Fredrik Marthinussen ved Universitetet i Bergen fast overfor Firdaposten.

Politiet kan gjere denne type søk utanfor skuletid.

Hans Fredrik Marthinussen, professor i jus ved Universitetet i Bergen

Han legg til at elevane måtte ha gitt skriftleg løyve viss tysdagens aksjon på Flora vidaregåande skulle vore lovleg.

Jusprofessor ved UiB Hans Fredrik Marthinussen

Jusprofessor ved UiB Hans Fredrik Marthinussen Foto:

– Menneske kan samtykke til at myndigheitene får gjere noko dei elles ikkje har lov til utan heimel. Dette har dei ikkje heimel til. Ei stund sende politiet ut informasjon til skulane og elevane blei oppfordra til å gi samtykke til at politiet kunne komme på skulen og gjere undersøkingar. Om politiet ber om å få sjå i lommene mine, kan eg seie både ja og nei. Skuleaksjonane bygde på at om elevane samtykka og kjende rammene, kunne politiet halde fram med dei sjølv om riksadvokaten hadde konkludert med at det mangla grunnlag. Elevorganisasjonen meinte at dette var stigmatiserande for dei som ikkje samtykka, og at dette ikkje kunne gjerast, sjølv med samtykke. Dei tok difor ut søksmålsvarsel mot justisdepartementet.

– Kva har politiet lov til å føreta seg på ein skule?

– Relativt lite. Dei kan gjere denne type søk utanfor skuletid, og det kan nok tenkast at dei kan søke i fellesareala i skuletida om dei har gitt veldig klar beskjed til elevane, og om dei ikkje har inngåande bruk av hundar nær elevane, slår han fast overfor Firdaposten, og legg til:

– Eg trur ikkje du eller eg hadde vore særleg nøgde om dei kom med hund på vår arbeidsplass. Det trur eg folk flest ville reagert på.

Artikkeltags