Unge kvinner barka saman i «catfight», slost og klora i Flora

DEL

To kvinner, den eine om lag 20 og den andre om lag 30 år, rauk i natt saman i ein skikkeleg «catfight» i Strandgata i Florø.

– Politiet fekk først melding om at ei kvinne vart angripen av ei anna kvinne. Det var snakk om kloremerke på halsen, og dei slost til andre kom til og fekk stoppa dei, seier Frode Kolltveit som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Ifølgje Kolltveit er det førebels ikkje oppretta sak på forholdet, men begge kvinnene skal ha blitt oppmoda om å vurdere å melde den andre til politiet over helga.

– Det er ikkje godt å seie nøyaktig kva som skjedde, men det kan ikkje utelukkast at dei var like hissige begge to, seier Kolltveit.

Artikkeltags