Sladda i sentrum med politiet som vitne

KRIM: Ved rein tilfeldigheit var ein politipatrulje vitne til uvettig køyring med sladding i Florø sentrum. No er føraren utan lappen.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Ein ein politipatrulje tok tysdag kveld lappen frå ein mann i 20-åra i Florø. Førarkortet vart beslaglagt etter at patruljen tilfeldigvis hadde vore vitne til uvettig køyring i form av sladding på riksveg 5 i sentrum.

– Terskelen er låg for å misse lappen for å sladde, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Kai Hanning Myklebust.

Han syner til Vegtrafikklova sin paragraf 3, som fortel at førar skal køyre så forsvarleg at han har kontroll over køyretøyet til ei kvar tid.

– Det går sjølvsagt an å vere uheldig, men denne køyringa her var ikkje i den kategorien, for å seie det slik, seier operasjonsleiaren som fortel at patruljen både såg og høyrte hendinga.

Myklebust er tydeleg på at dersom ein sladdar med viten og vilje så har ein ikkje kontroll over køyretøyet.

– Så å leike seg på glatta er ein rask måte å miste lappen på?

– Det er heilt rett, seier operasjonsleiaren.

Artikkeltags