På kort tid øydela to personar for tusenvis av kroner – no ber politiet om hjelp til å finne syndarane

HÆRVERK: I løpet av natt til laurdag sparka to personar ned fire lysstolpar ved Flora vgs.

HÆRVERK: I løpet av natt til laurdag sparka to personar ned fire lysstolpar ved Flora vgs. Foto:

Sparka ned fire lysstolpar- øydela for tusenvis av kroner.

DEL

Natt til laurdag om lag klokka 23.30 fanga overvakingskameraet ved Flora vidaregåande skule opp to personar som sparka ned fire lysstolpar.

Det heile blei gjort på svært kort tid.

– Vi trur det er snakk om to ungdoms-gutar, seier innsatsleiar Synnøve Domben til Firda laurdag ettermiddag.

Ho ber om tips frå publikum:

– Vi vil gjerne høyre frå folk som bur i området om dei har sett eller høyrt noko, seier innsatsleiaren.

Ifølge Domben har vaktmeisteren på skulen forklart at kvar av lysstolpane kostar 8000 kr, men då utan moms og utan montering.

I tillegg til lysstolpane, har det også blitt gjort skadeverk på eit busskur i Kinnvegen, ikkje så langt unna den vidaregåande skulen, opplyser Domben.

– Det blei knust tre ruter i busskuret. Vi er usikre på tidspunktet, men det blei oppdaga av ein politipatrulje natt til laurdag, seier Domben, som meiner dette skadeverket kan ha ein samanheng med hærverket på skulen.

– Men det veit vi ikkje enno. Vi er ute etter tips frå publikum også her.

Det var klokka 13.00 laurdag politiet fekk melding om skadeverket på Flora vidaregåande skule.

– Det skal ha blitt gjort skadeverk for mellom 50.000-100.000 kroner, uttalte operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Patruljen hadde då akkurat kome fram til staden.

SKADEVERK: Det er blitt gjort skadeverk på Flora vgs. for oppmot 100.000 kr.

SKADEVERK: Det er blitt gjort skadeverk på Flora vgs. for oppmot 100.000 kr. Foto:

Artikkeltags