Odd fekk el-bilen sin stolen måndag kveld – no sit ein mann i arresten

TJUVERI: MDG-politikar Odd Bovim fekk bilen sin stolen måndag kveld.

TJUVERI: MDG-politikar Odd Bovim fekk bilen sin stolen måndag kveld. Foto:

DEL

MDG-politikar Odd Bovim i Florø sette frå seg bilen like før klokka 19.00 måndag. Ein time seinare var den vekk.

– Om nokon har sett den, vennligst ring 97723396, seier Bovim men legg til at bilen nok ikkje kjem så langt, sa Bovin til Firdaposten tidlegare måndag kveld.

– Den var nesten tom for straum då eg sette den frå meg, så den må vere ein stad innan ein radius på 2 mil frå Florø sentrum. Lenger går den ikkje, seier Bovim som melde tjuveriet til politiet.

Like over klokka 21.00 var saka oppklara. Dei fann nemleg bilen parkert utanfor Kiwi i Florø.

– Det var ingen i bilen då, men politiet tok oppstilling og følgde med. Så etter litt tid klarte dei å knytte ein mann til bilen. Han er ein kjenning av politiet og er no arrestert, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.

Artikkeltags