Ni bilførarar var for harde på gassen

Artikkelen er over 2 år gammel

SAMFERDSLE: Politiet har hatt fartskontrollar på riksveg 5 i Flora, og på E39 i Høyanger. Ni bilførarar vart tekne for å ha køyrt for fort.

DEL

I ein fartskontroll i 80-sona på riksveg 5 ved Klavelandet i Flora kommune, fekk tre bilførarar forenkla førelegg for å ha køyrt for fort.

Ifølgje politiet i Sogn og Fjordane vart høgste fart målt til 103 kilometer per time i 80-sona.

I ein annan fartskontroll i 80-sona på E39 ved Torvund i Høyanger kommune, fekk seks bilførarar forenkla førelegg.

Her vart høgste fart målt til 96 kilometer i timen, melder politiet.

Artikkeltags