Fekk full mann i hagen midt på natta: Sjangla i vegen og datt inn i busker

DEL

Natt til torsdag 03.40 fekk politiet telefon frå ein mann i Florø som hadde fått ein full mann inn i hagen sin.

– Mannen var godt rusa. Han datt inn i nokre busker, gjekk ut i vegen og sjangla der. Innringaren frykta vedkommande ville dette og slå seg, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Ein ambulanse blei sendt for å hente han.

– Vi har ikkje fått inn fleire meldingar om vedkommande etter dette, seier Magnussen til Firda.

Artikkeltags