Kjøper laks til rekordhøg marknadspris, men sel vidare med vinst

FAMILIEBEDRIFT: Gro Sveen og Elin Tveit Sveen driv kvar si bedrift, men begge jobbar med samme laks.

FAMILIEBEDRIFT: Gro Sveen og Elin Tveit Sveen driv kvar si bedrift, men begge jobbar med samme laks. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORA: Svanøy Røykeri selde 15 tonn fisk i fjor.

DEL

Sjølv om lakseprisen er rekordhøg, klarar foredlingsbedrifta Svanøy Røykeri å auke etterspurnaden etter sine produkt. Til og med mai hadde dei ei omsetnadsauke på 13,6 prosent i høve til same periode i fjor. Det skriv Havbrukspartner AS i ei pressemelding.

– Vi jobbar kontinuerleg for å nå ut til fleire med røykelaksen frå Svanøy, seier dagleg leiar Gro Sveen til Firdaposten.

Bedrifta har arbeidd målretta for å komme seg ut i butikkhyller, og er spesielt nøgde med responsen i heimfylket Sogn og Fjordane.

– Coop Vest har vore kjempepositive som samarbeidspartnarar. Dei satsar verkeleg på lokalmat. Når vi får ein plass i hyllene, satsar vi på å stille opp og gje smaksprøvar i butikkane, seier Sveen.

Utvidar sesongen

I 2016 selde røykeriet 15,5 tonn fisk, det aller meste til den norske marknaden. Salet skjer anten rett til kunden eller til butikk, utan mellomledd. Verksemda har arbeida mykje for å få eit større sal gjennom heile året. Tradisjonelt var halve omsetnaden konsentrert til desember månad, no er ein nede i eit styrkeforhold med 35 prosent sal i julemånaden. Samstundes har volumet auka også i høgsesongen.

– Det er viktig for oss å ha ein jamn produksjon gjennom året, det gir betre utnytting av kapasitet, og vi blir betre i stand til å ha folk fast tilsett, seier Sveen.

Det meste av fisken til røykeriet kjem frå Marø Havbruk, som er drive av same familie, men det skjer til marknadspris.

– Foredlinga skal vere ei eiga verksemd som står på eigne bein, seier Sveen.

Hei!

Snart er det Stortingsval.

Kva vil du utfordre politikarane på?

Kva kan dei gjere for deg?



Ved sidan av prøvesmaking i butikk, reiser Gro og mor og samarbeidspartnar Elin Tveit Sveen rundt på alle slags arrangement og serverer laksen. Dels er dette reklame for seinare sal i butikk og gjennom nettbutikk, dels er det sal der og då, og dels er det folkeopplysning.

Viser prosessen

– Vi får mange spørsmål om oppdrettsfisk, og dette gir oss høve til å spreie kunnskap om næringa, seier Elin Tveit Sveen. Ho driv oppdrettsselskapet Marø Havbruk saman med mannen Trond, og var i si tid med og starta opp Svanøy Røykeri for å skape meir aktivitet lokalt kring lakseproduksjonen.

I tillegg til å foredle fisk, har verksemda no satsa på å la besøkande komme innom røykeriet for å få innsyn i produksjonsprosessen og smake på produkta.

– Vi opplevde at turistar og andre som var innom Svanøy ønskte å sjå kva folk lever av her. Då vart det til at vi laga eit opplegg for å syne fram røykeriet, og vi har og laga bygget slik at vi enkelt kan ta imot besøkande utan at dei treng å gå inn i sjølve produksjonslokala. Dette har vore positivt, og som regel kjøper folk med seg laks heim, seier Gro Sveen nøgd.

Artikkeltags