Måndag vart det kjent at 45-åringen Harald André Skåre var sakna i Florø.

Skåre vart sist sett då han var ute på byen natt til søndag.

I leitinga etter mannen måndag vart det funne gjenstandar som ein trur tilhøyrar Skåre i nærleiken av Storevatnet i Florø.

– Vedkommande er framleis ikkje funnen. Søket vi gjer er todelt. Det er to dykkarar frå redningsselskapet som søker i vatnet, medan det er 12 frå Røde Kors og 12 frå Sivilforsvaret som søker på land, seier operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt i Florø, Olaug Holme, til Firda.

Set inn sonar onsdag

Holme fortel at søket etter den sakna vil halde fram utover dagen i dag.

– Mannskapet på land søker etter ein bestemt mal. Søket på land er med håp om å finne den sakna i live, i vatnet er det eit søk etter ein person som er reknar med er omkommen, seier Holme.

Onsdag vil det bli forsterkingar i søket.

– Då set vi inn ein sonar i søket, seier Holme.

Ønskjer tips

Politiet har sagt at dei ønsker tips frå publikum i denne saka.

Dei ønsker å komme i kontakt med alle som var i Florø sentrum, samt Tua, Kleiva, ved Storevatnet og Likkjevatnet natt til søndag. Politiet kan kontaktast på5775 8861eller5775 8863.