Startar storsøk etter sakna mann i Florø

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

I dag blir strendene i store delar av Flora kommune gjennomsøkt i eit forsøk på å finne Randulf Bendiksen, som vart meld sakna torsdag 23. mars.

DEL

– Vi har samla Røde Kors-mannskap frå Flora, Vågsøy, Eid og Gloppen. Med seks båtar vil dei gjennomsøke strendene, primært på øyane i Flora kommune, fortel politiet sin innsatsleiar i søket, Synnøve Domben.

Bendiksen vart meld sakna då skjergardsjeepen hans vart funnen drivande tom ved Osstrupen bru i Høydalsfjorden. Store styrjar har leitt etter han i tida etterpå. Mellom anna har Kystvakta gjennomsøkt Høydalsfjorden med fjernstyrt miniubåt og drone, men utan resultat. Kystvakta avslutta søket tyssdag denne veka.

No har ein altså tromma saman vel 20 personar, i eit stort forsøk på å finne den sakna.

STORT SØK: Det blir leita frå Osstrupen bru til Skorpa og Bareksta vest om Florø,

STORT SØK: Det blir leita frå Osstrupen bru til Skorpa og Bareksta vest om Florø,

– Vi har framleis ein sjanse til å finne han. Å finne han i live kan vi vel ikkje rekne med, seier Domben.

Søket skal pågå fram til klokka 1800 i kveld, seier ho.

– Innan den tid reknar vi med å ha fått går gjennom heile søkeområdet, seier Domben.

– Om de ikkje har funne han då, gjev de opp?

– Det er det ikkje opp til meg å avgjere.  Det vil bli avgjort på mandag.

Artikkeltags