Laurdag tek Lothepus med seg bandet til ny festival i Stavang - kva skjer der du bur?

FEST: Leif Einar «Lothepus» Lone spelar til fest i Stavang laurdag.

FEST: Leif Einar «Lothepus» Lone spelar til fest i Stavang laurdag. Foto:

KULTUR: Sjå fullstendig oversikt over små og store arrangment i vårt dekningsområde.

DEL

– Vi skal lage til årets siste festival, Stavang City Event, og då må vi slå litt på stortromma.

Det seier Steinar Svardal, som fortel at det er tre familiar som saman er arrangørar for konserten som finn stad i Stavang.

Han og ein gjeng har gått saman om å få hardingen til å spele i bygda.

– Sjølv er eg veldig fan av Lothepus. Han er ein fantastisk figur som lagar liv og røre, og som ikkje er så nøye med ting. Eg har jobba lenge med å få han hit.

Etter Lothepus har gått av scena skal det lokale bandet Romklang spele til dans. Fram til laurdag vil det bli jobba med å rigge opp telt og lage til festivalområdet. No håpar Svardal vêrgudane også vil spele på lag.

– Vi har jo festivaltelt, såleis er det ingen fare, men vi veit jo at ein slik fest er mykje betre når vêret er bra.

Konserten blir i eit telt på parkeringsplassen ved nærbutikken.

– Vi begynte onsdag med å sette opp det eine teltet, og torsdag kjem teltet med scena på plass, seier Svardal.

Håpar å gå i null

Til no har dei selt ca. 380 billettar til festivalen, som der ein også kan kjøpe billett inkludert middag i grendehuset.

– Vi er veldig fornøgd med billettsalet. Vi var litt bekymra for kor mange som ville komme, men om det kjem 400 er vi veldig glad. Då vil vi truleg ha klart å dekke inn det meste av utgifter, seier Svardal.

Og det er ikkje berre lokale som har sikra seg billett.

– Eg har vore inne og smugkikka, og det kjem folk frå nesten heile fylket. Alt frå Svelgen til Bygstad, Jølster og Byrkjelo. Det blir mykje folk, seier Svardal og trur at dette blir ein kjempefest.

Usikker på kva som skjer i området i helga? Her får du oversikta:

Førde:

  • Fredag: Mads Hansen & Snow Boyz på Larris Scene.
  • Laurdag: Førde Opp og Førde Opp-festen 2018 med Atle Pettersen, Endre Nordvik og Fagernes Yacht Klubb.
  • Laurdag: Bilevent Street Meet i Kråkenesmarka frå klokka 12.00 til 18.000
  • Søndag: Open gard på Jorbruksskulen på Mo.
  • Søndag: Opning av Vestlandsutstillinga 2018 på Sogn og Fjordane kunstmuseum.

Flora:

  • Laurdag: Forteljarteater på dagsturhytta Fløgjen.
  • Laurdag: Lothepus i Stavang.

Fjaler:

  • Laurdag: Nilsbua Landhandel og kulturminne. Open kafé- og fotoutstilling.
  • Laurdag: Kretsligaen: Dale mot Vik på Dingemoen Idrettspark.
  • Laurdag: Kulturscene Fjaler, parken i Dale.

Solund:

  • Helga: Salsutstilling på Galleri Blink på Hardbakke.

Jølster:

  • Fredag: Haugabreen glacier walk
  • Helga: Sommarutstilling i Jølstramuseet på Vassenden.

Gaular:

  • Laurdagsope bibliotek.

Alle arrangementa er henta frå Det skjer-sida. Tips oss gjerne om andre arrangement på redaksjon@firda.no.

Artikkeltags