Det var tysdag den 7. august at det tok til å brenne i eit eldre bustadhus på Rota. Politiet melder i ei pressemelding tysdag at dei reknar brannen på Rota som oppklart. Dei tre gutane er avhøyrt, og to av dei har namngitt den mistenkte guten.
Den mistenkte vil ikkje forklare seg om brannen og har ikkje erkjent eldpåsettinga. Det melder Firdaposten.
God hjelp frå publikum
I etterkant av brannen etterlyste politiet ein gutegjeng etter forsøk på eldpåsetting på Fjord Base. Den same gutegjengen har forklart seg om hendinga på basen den 1. august, og dei skal ha vore til stades då det skjedde.
Her er ein annan gut mistenkt for eldpåsetting. Han skal avhøyrast tysdag ettermiddag.
Det var vitne som melde frå om hendinga til politiet. Tenestadsleiaren understrekar kor viktig denne hjelpa har vore i etterforskinga.
– Begge desse sakene blei oppklart som følge av god hjelp frå publikum og media. Mange har tatt kontakt med politiet med omsyn til observasjonar, levert bilde og video. Det er dei gode vitneobservasjonane som har vore avgjerande for ei rask oppklaring, stadfestar Hope.

Gutegjeng leika med eld på kaia ved Fjordbase. – No vil politiet ha kontakt med dei
Under kriminell lågalder
Om kort tid vil saka bli oversendt til jurist. Medan alle gutane er under 18 år, er nokre under kriminell lågalder. Kriminell lågalder i Norge er 15 år.
– Eldpåsetting er ei alvorleg, straffbar handling som kan få uante konsekvensar. Etter ein særs tørr sommar med stor spreiingsfare kunne det gått mykje verre enn det gjorde. Dei som med kunnskap og vilje set fyr på bygningar og andre gjenstandar veit ikkje korleis desse brannane utviklar seg, understrekar Hope og held fram:
– Dei av gutane som er over 15 år må ta ansvar for eigne handlingar, både med tanke på straff og erstatningskrav.
Barnevernet er varsla då alle gutane er under 18 år.

Sjekkar webkamera i sentrum og ber om tips frå folk

Mistenker at brannen er påsett: – Det tok til å brenne veldig fort