Folkeavrøysting i Vågsøy: Sterk motstand mot Kinn kommune

Artikkelen er over 1 år gammel

MÅLØY: Måndag gjennomførte Vågsøy kommune folkeavrøysting om kommunesamanslåinga med Flora.

DEL

Heile 60,4 prosent stemte «Nei» til at Vågsøy skal gå inn i Kinn kommune.

Det blei resultatet av folkeavrøystinga som blei halde i Vågsøy kommune måndag.

Berre 38,8 prosent stemte «Ja» til samanslåinga. 1,7 prosent stemte «veit ikkje» og 1,1 stemte blankt. Det melde Firdaposten måndag kveld etter at stemmene var talde.

I forkant av folkeavrøystinga sa Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad til Firdaposten at ho var veldig spent på resultatet.

– Eg torer ikkje spekulere i verken resultatet eller valdeltakinga.

Bakgrunnen for folkeavrøystinga:

Då det omsider vart klart at også Vågsøy Høgre ville gå for folkeavstemming i spørsmålet om kommunesamanslåing, tok det ikkje lang tid før både ja- og nei-sida hadde organisert seg. Eitt av argumenta til lokalpartiet, var at ei folkerøysting ville kunne «skape ro i ei tid der vi er splitta», men det har dei fleste mist trua på.

Torsdag blei det difor arrangert folkeavrøysting i Vågsøy. Men kva avrøystinga skal bli brukt til, er uvisst: Kommunen er allereie vedteken av Stortinget.

– Det blir sett opp ei drøftingssak i kommunestyremøtet neste torsdag, der vi må ta ei avgjerd om kva vi skal gjere med resultatet, sa ordførar Maurstad til Firdaposten før avrøystinga.

Artikkeltags