Årets Eldsjelprisar skal delast ut, no er dei nominerte klare

NOMINERT: Erling K. Nesse og Nesseplast AS er nominert til Eldsjelprisen.

NOMINERT: Erling K. Nesse og Nesseplast AS er nominert til Eldsjelprisen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRING: – Dei er svært gode representantar for praktisk og god inkludering.

DEL

Brødrene Aa AS, Nesseplast AS og Fylkeskommunen si tannhelseteneste er innstilt til årets eldsjelpris for bedrifter.

Det melder NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Tre nominerte

Eldsjelprisen blir delt ut til personar, verksemder eller avdelingar som arbeidar for eit raust og inkluderande arbeidsliv.

Nav Arbeidslivssenter og IA- rådet, der IA står for inkluderande arbeidsliv, står bak prisen.

– Vi har fått inn mange gode forslag på verksemder, og desse tre er nominert. Dei er alle svært gode representantar for praktisk og god inkludering, seier Tove Rygg, avdelingsdirektør ved NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane, i ei pressemelding.

Under IA-dagen 27. september blir prisen delt ut. 

Deler ut eldsjel- pris til personar

Der blir det også delt ut eldsjelprisen for personar. Ann Elisabeth Tveit frå Innovasjon Norge, Ragnhild Holm frå Flora kommune og Sigrunn Rygg frå Jatak AS er nominert til denne prisen. 

– Det er mange eldsjeler i arbeidslivet. Dei innstilte utmerker seg positivt, og er nominert for både systematisk nærværsarbeid og som viktige bidragsytarar til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø, seier Rygg i pressemeldinga. 

IA-dagen er for alle bedrifter i Sogn og Fjordane og tema i år er «Morgondagens arbeidsliv – bevare og inkludere».

IA-rådet er bindeleddet mellom partane i arbeidslivet. Rådet har ei viktig rolle i oppfølging av IA-avtalen og er ein god arena for diskusjonar som gir grunnlag for betre målretting av IA-arbeidet i fylka, heiter det i pressemeldinga. 

Artikkeltags