For eit halvt år sidan var han butikkeigar på Vie. No er Lars Eivind (40) blitt banksjef

BYTTAR BRANSJE: Lars Eivind Solnørdal, tek over banksjef-stillinga etter Jan Petter Jagedal Thomsen. Solnørdal har fram til no vore butikkeigar på Rema 1000 på Vie.

BYTTAR BRANSJE: Lars Eivind Solnørdal, tek over banksjef-stillinga etter Jan Petter Jagedal Thomsen. Solnørdal har fram til no vore butikkeigar på Rema 1000 på Vie. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: – Eg er oppteken av at vi som bur i Sogn og Fjordane skal ha det bra, seier den nye banksjefen for Førde og Florø.

DEL

Lars Eivind Solnørdal fortel at han alltid har interessert seg for banknæringa.

– Her utviklinga går veldig fort og dette triggar meg veldig. Dessutan kjente eg at verdiane til Sparebanken Vest; lokalt engasjement, tillit og enkelheit, trefte meg på rette plassen.

Frå kjøpmann til banksjef

– Sjølv om dette er ein ny bransje for meg, har stillinga mange likskapstrekk med det eg har jobba med tidlegare: Leiing, sal og utvikling, seier Solnørdal.

Han har jobba 10 år i den landsdekkande kleskjeda, Bertoni, først som salssjef, og deretter som dagleg leiar og medeigar i den norske kjeda. I tillegg har Sørdal vore sentersjef for Amfi Roseby i Molde.

For fem og eit halvt år sidan flytta han til Førde. Her byrja han i TOOLS som leiar for Sogn og Fjordane, og etter kvart vart Solnørdal regiondirektør for Midt-Norge. I dei siste seks månadane har han vore tilsett som butikkeigar på Rema 1000 på Vie.

– Rolla mi som butikkeigar var veldig annleis enn kva eg hadde jobba med tidlegare. Dette var ein jobb som eg ikkje følte var heilt rett for meg, av ulike årsaker, seier moldensaren.

Frå 1. oktober er butikkuniformen bytta ut med skjorte og dressbukse.

Samfunnsansvar er viktig

Ein viktig faktor for at Solnørdal søkte på stillinga, er Sparebanken Vest sitt fokus på samfunnsansvar.

– Eg er oppteken av at vi som bur i Sogn og Fjordane skal ha det bra. Visjonen til banken handlar om at alt vi gjer skal bidra til at livet på Vestlandet vil bli endå betre. Eg har sjølv ungar og vil at dei skal få oppleve ei positiv og tilrettelagt utvikling på Vestlandet.

Meir synleg i lokalmiljøet

Han er no ferdig med første veka i den nye jobben, og Solnørdal fortel at han er imponert over medarbeidarane sine.

– Fokuset mitt blir å bygge på det som allereie er bra og sjølvsagt gjere tilpassingar. Det er viktig at vi er godt synlege i lokalmiljøet, kanskje endå meir synleg enn det vi har vore. Men det er klart at eg som leiar har ambisjonar om å både oppnå ein høgare marknadsandel og utvikle banken i Florø og Førde. No vil første tida handle om å bli kjent med dei tilsette, organisasjonen og systemet.

17 søkte på stillinga

Det var i alt 17 søkarar på stillinga som banksjef. Regiondirektøren for Sogn og Fjordane i Sparebanken Vest, Tore Dvergsdal, ser no fram til å jobbe med Sørdal.

– Lars Eivind har ein god del erfaring som banken ser etter og han hadde fleire gode referansar. Dessutan er han flink med relasjonsbygging og klarar å få med seg folk på ein god måte. Lars Eivind er både ein behageleg person og resultatorientert. Samtidig er eg sikker på at han kjem til å få god respekt i banken og elles i Florø og Førde. Han tilfører noko vi treng i banken i tida framover. Eg er glad for at han takka ja til denne stillinga, seier Dvergsdal. 

Artikkeltags