Helikopterfeil fører til forseinkingar i Nordsjøen

Norske helikopter av denne typen er sett på bakken inntil vidare. Dette bildet er tatt på Flesland i Bergen.

Norske helikopter av denne typen er sett på bakken inntil vidare. Dette bildet er tatt på Flesland i Bergen. Foto:

Av

Norske Statoil-helikopter som fraktar oljearbeidarar til Nordsjøen er sett på bakken. Årsaka er ein feil på skotsk sokkel i romjula.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Hendinga skjedde 28. desember, då eit helikopter spann rundt og skar hol i dekket under ei landing på plattforma West Franklin. Helikopteret kom frå selskapet CHC, til liks med helikopteret som styrta ved Turøy utanfor Bergen i fjor, skriv  NRK.

No er norske helikopter av typen Sikorsky S-92 som fraktar oljearbeidarar til plattformer i Nordsjøen, sett på bakken. Alle skal inspiserast før neste flyging, ifølgje E24.

Statoil har 13 Sikorsky S-92-helikopter i flåten: seks i Bergen, to i Stavanger, to i Kristiansund og eitt kvar i Florø, Brønnøysund og på Statfjord B-plattforma.

– Sikorsky har sendt ut ei melding på bakgrunn av hendinga, om at alle helikopter av denne typen må gjennomgå inspeksjon. Det er eit førebyggjande tiltak, seier kommunikasjonsrådgivar Elisabeth Skarsbø Moen i Zynk, som uttaler seg på vegner av helikopterselskapet CHC i Norge.

Det er usikkert kor lenge helikoptera er på bakken. Ifølgje mediekontakt Morten Eek i Statoil har helikopteret i Brønnøysund allereie blitt inspisert

Artikkeltags