Her rauk det eit førarkort

Kåre Toreid ved politistasjonen i Florø kunne sjå at ein bilførar mista førarkortet etter å ha køyrt i 122 km/t på riksveg 5 søndag. Bildet er tatt same stad, men i ein kontroll tidlegare.

Kåre Toreid ved politistasjonen i Florø kunne sjå at ein bilførar mista førarkortet etter å ha køyrt i 122 km/t på riksveg 5 søndag. Bildet er tatt same stad, men i ein kontroll tidlegare. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORA: Ein bilførar køyrde i 122 km/t.

DEL

Tilsette ved politistasjonen i Florø gjennomførte tidleg søndag fartskontroll med laser på riksveg 5 mellom Naustdalstunellen og Eikefjord. Resultatet vart mellom anna eit førarkortbeslag.

– Vi har fått inn rapport på at dei stoppa ein bilførar som køyrde i 122 km/t i 80-sona. Dessutan vart to bilførarar stoppa grunna høg fart. Den med høgast fart hadde 105 km/t. Også dette skjedde i ei 80-sone, seier Kai Henning Myklebust hos operasjonsenstralen til politiet søndag kveld.

Fartskontrollen i Flora varte mellom klokka 10 og 13.

Artikkeltags