No er Fjord1 på børs

PÅ BØRS: Økonomi- og finansdirektør, Anne-Mari Sundal Bøe, ringer i bjella på Oslo Børs for å markere noteringa. F.v. styreleiar Vegard Sævik, styremedlem Frederik Wilhelm Mohn, økonomileiar Ane Eliassen, finans- og økonomidreiktør Anne Mari Sundal Bøe, og adm. direktør i Fjord1 Dagfinn Neteland.

PÅ BØRS: Økonomi- og finansdirektør, Anne-Mari Sundal Bøe, ringer i bjella på Oslo Børs for å markere noteringa. F.v. styreleiar Vegard Sævik, styremedlem Frederik Wilhelm Mohn, økonomileiar Ane Eliassen, finans- og økonomidreiktør Anne Mari Sundal Bøe, og adm. direktør i Fjord1 Dagfinn Neteland. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NÆRINGSLIV: Klokka 09.00 ringde finansdirektør i Fjord1, Anne-Mari Sundal Bøe, i bjølla på Oslo Børs. Dette markerte at ferjeselskapet frå i dag av er notert på hovudindeksen.

DEL

– Det er fleire fordelar med å vere på Oslo Børs, mellom anna større spelerom i kapitalmarknaden. Fjord1 gjennomfører tidenes ferjeløft. Vi er inne i ein periode med store investeringar til nye miljøvennlege fartøy. Når vi skal vere leiande innanfor det grøne skiftet, set det krav til god kapitaltilgang, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland i ei pressemelding.

Verdien har auka

Sundal Bøe meiner børsnoteringa er positivt for selskapet.

–  På ein måte markerer det den endelege overgangen frå å vere eit fylkeskommunalt eigd selskap til eit privateigd selskap – i ein marknad der rammevilkåra er prega av anbod og sterk konkurranse, seier Sundal Bøe til Bergens Tidende.

Like før helga vart Fjord1-aksjen notert til 34,20 kroner på Merkur Marked, ein marknadsplass på Oslo Børs for mindre selskap. Det betyr at prisen på Fjord1 har auka ytterlegare sidan Sævik selde i fjor, skriv BT.

– Selskapet har vore offentleg eigd i 159 år. Dette er slutten på ein epoke, og det å gå over på børs er ein fin overgang for å markere at det no er privateigd, seier Neteland.

– No blir vi evaluerte fortløpande av marknaden, og det er bra for eit selskap. Det gir større fokus på selskapet, og for næringa generelt trur eg at det er bra at ein stor aktør er på børs, seier han.

Tilsette får aksjegåve

Børsnoteringa vart også markert på alle fartøya Fjord1 har i drift. Klokka 09.00 ringde det i alle skipsklokkene.

I samband med børsnoteringa har leiinga bestemt at alle faste tilsette får ei aksjegåve til ein verdi av 10.000 kroner.

– Dette er ei avgjerd styret har teke som eg støttar fullt ut. Dei tilsette har si forteneste i at selskapet kan vise til positivt resultat. Dei står på 365 dagar i året og gjer ein flott jobb. Dette fortener dei, seier Neteland til Firda.

På alle fartøya til Fjord1 vert børsnoteringa feira med gratis kake, sveler og kaffi.

– Mange er avhengige av oss for å komme seg til og frå. Vi ville difor at våre trufaste kundar skulle ta del i markeringa av dagen. Dette er ein stor dag for oss, seier Neteland.

FEIRING: Johnny England, mannskap på ferja mellom Askvoll og Værlandet serverte kake til dei reisande.

FEIRING: Johnny England, mannskap på ferja mellom Askvoll og Værlandet serverte kake til dei reisande. Foto:

Les tidlegare saker om Fjord1:

Hard medfart for mangelfull offentlegheit

Byggjer fem ferjer for Fjord1 – utrustar alle fem i Leirvik

Fjord1 vann to ferjeanbod på Sunnmøre

Avsluttar 159 års eigarskap med eit telefonmøte

Fjord1 med 97 millionar i overskot – på tre månader

Tener ein god milliard på Fjord1-kjøpet

Selde for rundt 1 milliard, no er Fjord1 vurdert til nesten 5 milliardar

Artikkeltags