To personar har gått seg vill i fjellet – blir henta av redningshelikopter

Artikkelen er over 1 år gammel

Politiet melder at det like før klokka 21 vart sett i gang ein leiteaksjon ved Vikanipa i Eikefjord.

DEL

To personar har gått seg vill i fjellet. Dei finn ikkje vegen tilbake, men er på kjent posisjon.

Frivillige redningsmannskap vert sendt i retning av personane for å hjelpe dei ned frå fjellet, melde politiet klokka 21.35. Ti minutt seinare melder dei at eit Sea King helikopter har funn dei to personane, og skal frakte dei ned frå fjellet i helikopter

Artikkeltags