Ureint vatn i Eikefjord

MÅ KOKE VATN: Innbyggarane i Eikefjord har blitt varsla på SMS, og Katrine Reksten ved Teknisk Drift seier at dei også vil få varsel når kvaliteten på vatnet igjen er tilfredsstillande.

MÅ KOKE VATN: Innbyggarane i Eikefjord har blitt varsla på SMS, og Katrine Reksten ved Teknisk Drift seier at dei også vil få varsel når kvaliteten på vatnet igjen er tilfredsstillande. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

FLORA: Vatn til matbruk må kokast.

DEL

Flora kommune melder på sine heimesider at vasskvaliteten frå det kommunale vassverket i Eikefjord er forringa. Dette kjem som eit resultat av stort vassuttak i samband med sløkking av brannen i dag tidleg. Det skriv Firdaposten.

Det er mykje grums i vatnet, og inntil vasskvaliteten er betra må vatnet til matbruk kokast.

Kommunen arbeider med å spyle ut leidningsnettet, og betre vasskvaliteten.

Innbyggarane i Eikefjord har blitt varsla på SMS, og Katrine Reksten ved teknisk drift seier at dei også vil få varsel når kvaliteten på vatnet igjen er tilfredsstillande.

Ståle Solheim er oppsynsmann på vatn og avløp ved teknisk drift, og er på staden tysdag formiddag. Han tør ikkje spå når vatnet kan vere tilbake til normalen igjen.

– Det tør eg ikkje seie, vi har folk inne no og det er forferdeleg mykje grums i vatnet framleis. Det er ikkje kvar dag det er slike vassuttak, det er langt over det som burde ha vore tatt ut, men vi jobbar på spreng!

Artikkeltags