Vaktmeisteren kom til, sløkte branntilløp på samfunnshuset

FLORA: Både politiet og brannvesenet rykka ut.

DEL

Like før klokka halv åtte fekk politiet melding om røykutvikling i Florø samfunnshus, opplyser politiet like før klokka 22.

Både brannvesenet og politiet rykka ut, men ein snarrådig vaktmeister kom først til staden.

Han hadde sløkt branntilløpet, melder politiet. Det blir spekulert i at det kan ha vore elektriske årsaker til røykutviklinga, men ingen kom til skade.

Artikkeltags