Bil stod i full fyr på jorde

DEL

Ein bil stod i full fyr søndag kveld klokka 22.00 ved eit jorde i nærleiken av Øvre Steindalen i Flora kommune.

Det var ingen personar i bilen.

Naudetatane rykte ut og fekk kontroll på brannen. Bilen var overtent, men det var ingen fare for spreiing, seier operasjonsleiar Dag Sætre i Vest politidistrikt til Firda måndag.

Det er oppretta sak.

Artikkeltags