No har politiet funne ut kven personen på bildet er

KVEN ER DETTE?: Det vil gjerne politiet vite og ber folk ta kontakt. Bildet blei tatt torsdag ved austre del av Brendøya i Flora kommune.

KVEN ER DETTE?: Det vil gjerne politiet vite og ber folk ta kontakt. Bildet blei tatt torsdag ved austre del av Brendøya i Flora kommune. Foto:

FLORA: Politiet leita etter sakna mann i fire timar i natt og bad om tips på kven han var – no er saka oppklart.

DEL

Politiet veit no kven mannen på dette bildet er.

Starta leiteaksjon etter mystisk bilde

Torsdag kveld og natt til fredag sette politiet i gang ein leiteaksjon etter at dei fekk sjå eit bilde av ein mann som låg ved eit svaberg ved Brendøya i Flora kommune.

Mannen kom tilfeldigvis med på ein selfie ei kvinne tok tidlegare på torsdagen. Kvinna som tok selfien, tok kontakt med politiet at sa det blei observert ein fotograf i same området. Truleg var fotografen saman med personen på bildet, men dette var usikkert.

Politiet bestemte seg difor for å sette i gang med søk etter mannen torsdag kveld.

Fredag morgon gjekk politiet ut og bad publikum om hjelp til å finne ut kven personen var. Like før klokka 08.30 same morgon melder politiet at dei veit kven dette er.

– Han er i god behald og saka blir difor avslutta, melder Wenke Hope, tjenestestadsleiar ved Flora politistasjon.

Leita i fire timar

Mannen var på staden i går for å ta bilde og kjente seg att på bildet i media.

Hope seier til Firda at dei leita etter mannen i fire timar torsdag kveld og natt til fredag.

Søket blei avslutta like før halv eitt natt til fredag. 

– Det var planlagt oppstart med nye søk i dag dersom vi ikkje hadde fått inn opplysningar frå publikum.

Artikkeltags