Desse vegane er stengde grunna ras og flaum

FLAUM: Her går Gaula over vegen laurdag morgon ved Osen på fv 422. Også søndag er vegen stengd.

FLAUM: Her går Gaula over vegen laurdag morgon ved Osen på fv 422. Også søndag er vegen stengd. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VEG: Regnvêret skapar problem for trafikken også søndag.

DEL

Riksveg 15, som går over Strynefjellet, er stengt austafor fjellet. Ein kjem seg altså over Strynefjellet, men ikkje vidare til Lom og Otta. Ein må køyre om Lærdal for å komme seg til austlandet.

Skal du ut og køyre i dag er det verdt å merke seg at følgjande vegar er mellombels stengde:

  • Fv. 604 Jostedalen i Luster er stengd på grunn av høg vasstand. Vegen er stend mellom Leirdal og Gjerde
  • Fv. 331 er stengd på grunn av jordras og fare for ras på strekka Urnes–Skjolden
  • Fv. 453 på strekka Klakegg–Fonn i Stardalen i Jølster er mellombels stengd på grunn av oversvømming
  • Fv. 610 ved Hestad mellom Sande og Viksdalen er stengt for køyretøy under 7,5 tonn på grunn av oversvømming
  • Fv. 333 mellom Skjolden og Mørkrid i Luster er stengt på grunn av flaum
  • Fv. 55 over Sognefjellet er stengt på grunn av flaum. Vegen er også stengd på sterkka Sogndal–Prestesteinvatnet
  • Fv. 332 ved Ormelid i Luster er stengt på grunn av oppryddingsarbeid
  • Fv. 609 ved Heilevang mellom Askvoll og Førde er stengt på grunn av ras. Geolog er venta på staden måndag morgon
  • Rv. 15 stengt mellom Strynefjellet og Lom på grunn av oversvømming
  • Fv. 53 Finnsåstunnlen, mellom Fodnes og Årdalstangen er stengd grunna ras.
Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags