Fleire vegar i Stryn blir stengde grunna ras- og flaumfare

Det melder Vegtrafikksentralen Vest søndag.

DEL

Mykje regn og uvêr søndag gjer at det er beslutta at fleire vegar i Stryn kommune blir stengt.

Dette gjeld:

Fv. 5722 Veslebygda - Flo

Fv. 5723 Sandbødal/Lodalen

Fv. 5724 Olden - Briksdalen

Fv. 5829 Otterdal

Vegane vil bli stengde frå 21.00 søndag kveld, og det vil bli gjort ny vurdering klokka 09.00 måndag morgon.

Tidlegare søndag vart det meldt at Fv. 5750 Hjelle mellom Hjelleøyane og Erdal var stengt grunna fare for ras.

Artikkeltags