Politiet: Ti personar ikkje gjort greie for etter rasa

Slik ser det ut etter raset på sørsida av Jølstravatnet.

Slik ser det ut etter raset på sørsida av Jølstravatnet. Foto:

Det er enno ikkje sikkert om ein person er teken av raset på FV 451 ved Marteslåttane, og politiet har stoppa søk i området, fram til det blir vurdert som trygt å søke.

DEL

Like før klokka 13 opplyser Dag Fiske til Bergens Tidende at det er ti personar som ikkje er gjort greie for.

– Vi begynner no å få meir oversikt over situasjonen. Nettet er begynt å fungere igjen, men mobildekninga er framleis slått ut i dei områda som er ramma av ras. Etter det vi veit er det ikkje lenger nokon personar som sit innesperra i bilar mellom rasa, seier Fiske til BT.

Klokka 16.15 kan Politioverbetjent Wenke Hope melde til Firda at det framleis er ti personar som ikkje er gjort rede for.

Om lag klokka 10.30 var talet 30 personar.

Politiet får mange telefonar frå pårørande som spør etter sine kjære, men pårørandesenteret har ikkje klart å lokalisere alle som blir spurt etter.

– På grunn av dårleg mobildekning er det vanskeleg å få kontakt med alle. Dessutan kan folk vere utilgjengelege fordi dei oppheld seg på hytter i fjellet eller på andre måtar ikkje kan nåast. Det er ikkje slik at alle dei tretti vi ikkje har oversikt over er tatt av ras, seier Fiske.

Bil stadfesta teken av ras

Onsdag fekk også politiet stadfestande opplysningar om at ein bil vart tekenav raset som gjekk på fv. 451 på sørsida tysdag.

Ein mann i 50-åra er meldt sakna og det er grunn til å tru at han køyrde bilen som blei tatt av skredet.

Det vart gjort områdesøk med helikopter og båt tysdag kveld, utan resultat.

Innfører flyforbod

Like etter klokka 11 melder politiet at det er innført flyforbod i luftrommet over Vassenden i Jølster kommune, for å sikre redningsinnsatsen frå lufta.

Der vil bli søk i luftrommet med SAR-helikopter. Det blir også gjort undersøkingar av geologar med helikopter. Desse er unntatt frå restriksjonane. Det opplyser politiet.

Etter ein hektisk kveld melder politiet onsdag morgon at dei enno ikkje har oversikt over alle skadane.

Klokka 10.37 melder HRS Sør-Norge på Twitter at redningshelikopter frå Florø er på Jølster. Dei forflyttar mannskap og flyr over aktuelle område for å få betre oversikt.

– Sidan ingen er meldt sakna blir helikopteret no nytta til å fly mannskap, og fly geologar over området. Då får vi betre oversikt over situasjonen, og geologane skal ta ein vurdering på om det kan gå fleire ras, seier Andreas Bull, redningsleiar i Hovudredningstenesta Sør-Norge.

Framleis redningsaksjon

Like før klokka 09 melde politiet at situasjonen i Jølster framleis er uoversiktleg. Kommunen, politiet og andre etatar jobbar framleis med å skaffe oversikt over situasjonen.

– Situasjonen omkring raset ved Matreslåttene er framleis uavklart. Det er gjort grovsøk med helikopter i området og med mannskap frå båt. Det er ikkje funne personar eller bilar, opplyste Stein Rune Ø. Halleraker i politiet i ei pressemelding natt til onsdag.

Politiet opplyser at det ikkje går føre seg søk i rasområda etter personar som kan vere tekne av ras per no, men at søk vil bli starta opp att når det blir vurdert som trygt i dei ulike områda.

Hendingane blir framleis drifta som ein redningsaksjon som er leia av politiet.

– Mannskap frå naudetatane, frivillige organisasjonar, Luftambulansen, sivilforsvaret, og redningshelikopter har vore i arbeid i samband med naturskadane. Politiets innsatsleiar vurderar fortløpande når det vil vere trygt å sende inn mannskap for vidare søk og redning, skriv Hallesaker.

STENGT: Jordas på E39 mellom  Førde og Skei i Jølster.

STENGT: Jordas på E39 mellom Førde og Skei i Jølster. Foto:

Det blir gjort i samråd med geologar og andre fagpersonar.

E39 stengd mellom Jølster og Skei

Ei rekke større og mindre vegar er skada, E39 er stengd ein rekke plassar mellom Førde og Skei, og vassmassane har gjort store skadar på vegen.

– Fleire bilar står framleis isolert mellom ulike ras, og mange av dei har valt å sove i bilane sine i natt.

Klokka 11:34 melde vegtrafikksentralen på Twitter at E39 mellom Førde og Skei ikkje vil bli opna i dag.

– Alle er ikkje gjort greie for

Delar av Jølster, Førde og Gloppen er utan mobil eller breibanddekning som følge av ras og flaum. Politiet melder at det på grunn av dette er mange personar som ikkje er gjort greie for, men at ingen er meldt sakna eller skada.

– Det blir jobba kontinuerleg med å skaffe oversikt over om desse personane oppheld seg på evakueringssenter eller andre stadar i rasområda, skriv Hallesaker.

Politiet har oppretta to evakueringssenter i Jølster. Eit på Gjesthalla ungdomshus på Vassenden, og eit på Skei Hotell. Ein kan kontakte politiet på 02800 og be om å bli sett over til evakueringssentera for å kome i kontakt med pårørande.

Artikkeltags