Auka nedbør kan mangedoble flaum- og skredskadar

VÅTT: Auka nedbør kan mangedoble flaum- og skredskadar dei neste åra om det ikkje blir satsa nok på førebygging. Det viser ein studie frå Vestlandsforsking og Menon Economics, som er gjort for Statens vegvesen.

VÅTT: Auka nedbør kan mangedoble flaum- og skredskadar dei neste åra om det ikkje blir satsa nok på førebygging. Det viser ein studie frå Vestlandsforsking og Menon Economics, som er gjort for Statens vegvesen. Foto:

Av

Vi må vere meir budde på flaum, skredskadar og vegstengingar dei neste ti åra.

DEL

Det viser ein studie frå Vestlandsforsking og Menon Economics, gjennomført for Statens vegvesen.

For vegar som ligg utsett til frå før, gjer både auke i nedbør, temperatur- eller havnivåstiging situasjonen meir sårbar. Dersom det ikkje blir satsa stort på førebyggjande tiltak, kan flaum- og skredskadar på vegane bli mangedobla dei neste tiåra, skriv Vestlandsforsking.

Den eine delen av studien tek for seg korleis klimaet i framtida vil påverke vegnettet. Her tok forskarane for seg E39 frå Agder til Sogn og Fjordane, og vurderingane er gjort i samarbeid med Vegvesenet som veit kor utfordringane kan oppstå. Dette er kombinert med klimaframskrivingar for regionen for å føreseie skred- og flaumsituasjonen 50 år fram i tid, fortel forskar Torbjørn Selseng ved Vestlandsforsking.

Den andre delen av studien gjekk ut på å berekne kor mykje klimaendringane vil koste vegvesenet og samfunnet elles.

– Dette er viktig arbeid for klimatilpassing i Statens vegvesen. Vi har behov for å greie ut og illustrere betydninga av å investere i tiltak tidsnok, framfor å ta imot farane som måtte komme og betale for følgjande skadar, seier sjefingeniør Gordana Petkovic til vestforsk.no.

Artikkeltags