Styrtregn har skapt kraftig auke i vass-skadar

Av
DEL

Vass-skadar knytt til klima har auka betrakteleg dei siste fem åra. I fjor utbetalte forsikringsselskapa om lag 2,5 milliardar kroner til bustadeigarar.

Sidan 2015 har vass-skadar auka med 50 prosent, viser tal frå Gjensidige.

Forsikringsselskapet utbetalte i fjor åleine nær 600 millionar kroner i vasskadeerstatningar til private bustader.

– Dette stadfestar utviklinga vi særleg har sett dei siste ti åra med våtare og villare vêr, opplyser kommunikasjonssjef Bjarne Rysstad i Gjensidige i ei pressemelding.

Han trekkjer fram det kraftige styrtregnet på Austlandet 1. september i fjor. Ved Strømtangen fyr i Fredrikstad vart det målt nesten 60 millimeter regn på berre tre timar. Uvêret kosta forsikringsselskapa nær 200 millionar kroner.

– Styrtregnet i Fredrikstad er ein type uvêr vi førebels ikkje er veldig vande med i Noreg. Vi hadde ei tilsvarande hending i Oslo for tre år sidan. Dette er noko vi må rekne med meir av framover, seier Rysstad.

Artikkeltags