30 personar i Luster er isolerte. – Utriveleg

STRI STRAUM: Fortundalselva omringa har omringa eit gardstun i Fortun i Luster.

STRI STRAUM: Fortundalselva omringa har omringa eit gardstun i Fortun i Luster. Foto:

LUSTER: 30 personar i Mørkridsdalen og Fortun er isolerte på grunn av flaumen.

DEL

– Det er ein utriveleg situasjon, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen (Sp).

Han estimerer at rundt 30 personar er isolerte i Mørkridsdalen og Fortun, som følge av flaumen.

– Mørkridselva er svært stor og ligg an til å gjere store materielle skader. Vi har ikkje oversikt, men 12–14 personar er isolerte i Mørkridsdalen. Tre familiar lenger nede har fått evakueringsvarsel. Elva grev markant, slik at eit tun er i fare, seier han.

– Situasjonen i Fortun er også dramatisk, der rundt 17 personar er isolerte, og ein fjøs ser ut til å ryke med, seier Kvalen.

Fylkesveg 604 til Jostedalen var også stengt av flaum tidlegare på søndagen, som gjordet at fleire hundre Jostedalen også var isolerte.

– Det er ingen dramatikk i det, dei greier seg, sa Kvalen til Firda søndag føremiddag.

Ordføraren seier han har vore ute sidan søndag morgon for å prate med folk og følge med på situasjonen.

– Min jobb er å vere ute, bidra, snakke med folk, koordinere ting, medan redningsetatane og politiet er på stadane. Det er stort sett det det går i, seier ordføraren.

Ein familie blei evakuerte med båt, då Fortundalselva la heile gardstunet. Ordføraren seier familien vil få tett oppfølging.

– Eg kjenner dei. Dei er robuste, så eg trur det skal gå bra. Men det er trassig for dei. Dei hadde bygd nytt hus, og dette er andre eller tredje gongen det skjer, seier ordføraren.

Artikkeltags