Fare for flaum i kommunane rundt Jostedalsbreen

Artikkelen er over 1 år gammel

NVE melder om gult farenivå, som betyr moderat fare for flaum.

DEL

Det er forventa høge temperaturar over 30 grader fleire dagar på rad, noko som gir aukande snø- og bresmelting.

Det melder Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE).

Vassføring vil auke i breelvane, spesielt rundt Jostedalsbreen. Det gjeld kommunane Jølster, Sogndal, Luster og Skjåk.

Konsekvensen kan vere lokale oversymjingar og erosjonsskadar i bekker og elvar.

NVE rår folk å sikre eller flytte verdiar vekk frå utsette område, slik som kjellarar, bilar, campingvogner og elles det som kan ligge langs bekkar og elver.

Artikkeltags