Alle husstandar har fått tilbake straumen etter uvêret

Fredag formiddag har alle husstandar som mista straumen etter vêret fått den tilbake.

DEL

Tysdag kveld mista 1500 husstandar straumen grunna uvêret. Området som var hardast råka var mellom Helgheim og Vassenden.

Fredag melder Sunnfjord Energi på sine nettsider at alle straumkundane har fått tilbake straumen.

Sørsida fekk sist tilbake

Leiar for forvaltning i Sunnfjord Energi, Arne Tefre, sa torsdag ettermiddag at dei framleis hadde utfordringar med å kome inn på området på sørsida av Jølstravatnet.

På sørsida var det tre hytter som var utan straum. Desse vart liggjande utan straum fram til området var trygt å jobbe i.

Breiband og mobil tilbake

Torsdag klokka 18.26 melde informasjonssjef i Telenor, Roald Orheim, at fiberskøytinga er fullført og at alle tenester på breiband og mobil no er inne att i Jølster.

Totalt var fem basestasjonar ute etter uvêret. Den siste basestasjonen som var ute låg på Vassenden. Den er også i drift att. Telenor melder at nokon kundar kan oppleve litt ustabilitet i tenestene, men at dette vil vere forbigåande.

Artikkeltags