Skal kjempe for fjorden med 3000 i lenker

Den nye leiaren i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær, har mål om å samle fleire aksjonistar i kampen mot sjødeponi i Førdefjorden og Repparfjorden i Finnmark.

Den nye leiaren i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær, har mål om å samle fleire aksjonistar i kampen mot sjødeponi i Førdefjorden og Repparfjorden i Finnmark. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Natur og Ungdom vil gå heile vegen for reine norske fjordar, seier nyvald leiar Ingrid Skjoldvær, som håper å samle 3000 som er villige til å lenke seg fast for saka.

DEL

Då Arnstein Vestre frå Ålesund takka for seg som leiar av Natur og Ungdom (NU) under landsmøtet til miljøvernorganisasjonen nyleg, var det Ingrid Skjoldvær (22) frå Sortland i Vesterålen som blei valt til å ta over.

– Eg tenkjer først og fremst at det er kampen for reine fjordar og mot sjødeponi i Førdefjorden og Repparfjorden som blir det viktigaste i åra som kjem. Vi skal òg begynne å jobbe inn mot 2017 for igjen kjempe for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja, fortel den nyvalde leiaren.

2000 på liste

Både ved Førdefjorden og Repparfjorden i Finnmark blei det i fjor gitt grønt lys for gruvedrift med sjødeponi for gruveavfall. Dei to prosjekta er samla sagt å kunne skape fleire hundre arbeidsplassar. Natur og Ungdom er blant dei som har frykta følgjene drifta vil få for livet i fjordane, og har ikkje gitt opp å kjempe imot planane.

– Det er fem land i verda som godtek sjødeponi for gruveavfall, at Noreg skal vere eitt av dei synest eg er ganske skammeleg, seier Skjoldvær.

– Vi har lova at vi skal gå «all the way» for fjordane. Så langt som mogleg prøver vi å gjere det på lovleg vis, men det ser litt mørkt ut no når begge prosjekta har fått utsleppsløyve. Vi har ei liste på 2000 personar som er villige til å bruke sivil ulydnad, målet er å samle 3000 personar. Det er viktig å skape engasjement for saka og byggje sterke alliansar, seier ho.

Aksjonistane dei no har på lista inkluderer både lokale innbyggjarar nær fjordane, NU-medlemmer og andre som er engasjerte i saka, fortel Skjoldvær.

Tiårsjubileum

Sjølv har den nyvalde leiaren vore engasjert i miljøspørsmål i Natur og Ungdom i ti år. Ønsket om at Lofoten, Vesterålen og Senja ikkje skal opnast for olje- og gassproduksjon var det som fekk henne inn i organisasjonen.

– Eg blei medlem av lokallaget i Sortland då den kampen var som hardast i 2008. Eg har jobba mykje med den saka også i sentralstyret, fortel Skjoldvær.

Ho var fylkesleiar i Nordland i to år, før ho kom inn i sentralstyret i 2013, og i 2014 blei første nestleiar. Ved sida av har Skjoldvær hatt jobb som oljerådgjevar i Bellona, men no blir det berre NU-arbeid i tida framover.

– Ærefrykt

– Korleis blir det å leie organisasjonen?

– Det gjer eg med litt ærefrykt. Eg trur ikkje eg veit heilt kva det går ut på før eg har prøvd, men eg trur det blir spennande og lærerikt. Eg har fått verdas beste jobb, og eg er veldig takknemleg for tilliten eg har fått. Eg håper å vise meg tilliten verdig, seier Skjoldvær, som meiner det er grunn til miljøoptimisme.

– Det vil eg absolutt seie. Dei siste åra har vi opplevd vekst i medlemstalet, og eg håper vi får vist fram saker mange bryr seg om. Kvart år får vi også gjennomslag for lokale saker. Eg trur dei som er medlemmer hos oss har utbytte av det både på eit personleg plan og elles, seier Natur og Ungdom-leiaren. (©NPK)

Artikkeltags