«Ingen big deal», seier dei om sex med femtenåringen

FORKLARING: Politiadvokat Sissel Kleiven stiller spørsmål til ein av dei tiltalte som forklarer seg for retten. Den tiltalte sin utsjånad er endra. (Rettsteikning: Anders Furevik)

FORKLARING: Politiadvokat Sissel Kleiven stiller spørsmål til ein av dei tiltalte som forklarer seg for retten. Den tiltalte sin utsjånad er endra. (Rettsteikning: Anders Furevik)

Artikkelen er over 3 år gammel

TINGRETTEN, DAG 2: Dei tiltalte forklarte kvifor dei meinte det som skjedde var greitt.

DEL

– Eg visste at ho var 15, og visste at det var moralsk feil, men så sa vi at dersom du vil, så går det fint. Eg har mange venner som har vore med mindreårige før. Det er ingen big deal.

Slik forklarte éin av dei tiltalte seg i Fjordane tingrett tysdag. Dagens tema er hendingane i og utanfor eit smau på Nordfjordeid under Malakoff 2015. Fire er tiltalte for tre ulike handlingar. To måtte forklare seg om handlingane i smauet, som førte til tiltale om å «for i fellesskap å ha hatt seksuell omgang med barn under 16 år». Noko aktor første dag i retten drog fram som den mest alvorlege tiltalen.

Under forklaringa kom det fram mange detaljar som ikkje vil bli gjevne att her. I staden dreg vi fram to haldningar som dei tiltalte meiner er vanlege blant jamaldringar.

– Dette er vanleg

Det er usemje om mykje, mellom anna kven som var pådrivar for det som hende, og nøyaktig hendingsgang. Derimot er det full semje om at dei to mennene visste at jenta var 15 år. Sjølv var dei 17 og 19 år på tidspunktet for handlingane.

I dag angrar dei begge to, og meiner det er feil å ha seksuell omgang med mindreårige, men forklarer likevel at det ikkje er uvanleg. Det uvanlege er at det blir meld til politiet.

– Eg kjenner fleire som har hatt seksuell omgang med mindreårige, nokon av dei er kjærastar. Det er i alle fall mange som meiner det er greitt, forklarer éin av dei to tiltalte for denne hendinga.

– Og du er mellom dei? spør aktor Sissel Kleiven.

– Ikkje no lenger.

– Det er ikkje slik at eg er stolt, det er heller motsett, eg skjemst, svarar den andre tiltalte på tilsvarande spørsmål.

– Suging er ikkje sex

Aktor brukte også mykje tid på å få fram kva ulike typar seksuelle handlingar som var gjort, og også korleis dei tiltalte sjølve ser på kva som er sex.

Det er ikkje bevist at dei to hadde vaginalt samleie med jenta. Dermed meinte begge dei tiltalte at det ikkje var snakk om sex.

– Eg meiner ein må penetrere for å ha sex, sa ein av dei tiltalte på spørsmål om han meinte det gjekk eit skille mellom ulike aktivitetar.

– Eg trur ikkje du er den einaste med den oppfatninga, det er difor eg spør. No er det slik i straffelova at det å bli soge er jamstilt med samleie, seier Kleiven.

– Ja, OK, svarar tiltalte.

– Trur du dette er ei oppfatning berre du har?

– Eg trur fleire har same oppfatning.

Seinare spør Kleiven den andre eit tilsvarande spørsmål.

– Ja, og det trur eg dei fleste på min alder også gjer, svarar han.

– Verka ikkje valdteken

Ei anna side ved saka, som det ikkje er usemje om, er at jenta hadde fortalt dei to tiltalte at ho var blitt valdteken tidlegare på kvelden.

I samtale med jenta fann dei begge ut at det ikkje kunne vere tilfelle, då ho var i for godt humør.

– Ho oppførte seg ikkje som ho var blitt valdteken, og eg tenkte at ho sa det for å få merksemd.

– Er det di erfaring at unge jenter seier slikt for å få merksemd? spør jenta sin bistandsadvokat.

– Nei, svarar tiltalte.

Vaksen eller barnsleg?

I si eiga forklaring seier jenta at ho kan framstå som «barnsleg», «tullete» og «på» når ho har drukke alkohol. I dei tiltalte si forklaring blir det sagt at jenta ikkje verka full, og i staden for «barnsleg» blir det brukt ord som «veldig vaksen for alderen».

Dette blir forklart med både fysisk og psykisk utvikling, klede, kroppsspråk, språkbruk og handlingar. For ordens skuld kan vi nemne at jenta hadde på seg dongeribukse, strikkegenser og jakke.

Aktor pressa dei tiltalte på om desse eigenskapane er meir normale for ei over 16 år enn ei på 15. Og dei vart samde om at det kunne vere innanfor variasjonen av 15-åringar.

Sjølv om det ikkje er usemje om dei visste alderen til jenta, blir det altså brukt mykje tid på å framstille henne som vaksnare enn 16 i ord og handling. Årsaka er at det er relevant for om dei skal straffast eller ikkje. Tidlegare rettspraksis opnar for at nærleik i alder og utvikling kan gjere at straffa fell vekk.

– Eg meiner vi ikkje bør straffast, men frikjennast ut frå jambyrdig alder og utvikling, sa ein av dei tiltalte.

Aldersforskjellen i denne saka er heilt i grenseland for kva som er rettspraksis på å akseptere.

Artikkeltags