Fjord1-ferje i brann i Lysefjorden

ULUKKESFUGL: I kveld braut det ut brann i MF Eid. I oktober 2014 køyrde same ferja på land ved Fure, of i august 2015 vart ho slepa til land ved hjelp av ein traktor.

ULUKKESFUGL: I kveld braut det ut brann i MF Eid. I oktober 2014 køyrde same ferja på land ved Fure, of i august 2015 vart ho slepa til land ved hjelp av ein traktor. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FERJEBRANN: 54 personar evakuerte av fritidsbåtar frå MF Eid som har hatt fleire uhell dei siste åra.

DEL

Fredag braut det ut brann på Fjord1s bilferje «Eid» i Lysefjorden.

Klokka 20.23 melde Hovudredningssentralen for Sør-Norge (HRSSN) at naudetatar, helikopter og andre båtar var varsla.

Like etterpå kom meldinga om at alle passasjerane var evakuert til fritidsbåtar i området.

Ikkje personskade

Brannen på ferja var på dette tidspunktet ikkje under kontroll.

Alle passasjerane vart sende til Oanes der dei vart mottekne av mannskap frå politiet og helsevesen. Det skal ikkje vere meldt om personskadar.

– Eg kan stadfeste at vi har fått melding om brann i Fjord1-ferja Eid som er leigd ut for å frakte turistar på Lysefjorden. Meir veit eg ikkje, sa Tor Kristoffersen som er regionleiar i Fjord1 til Firda klokka 20:33.

Mykje røyk

Klokka 20:50 melde Hovudredningssentralen at alle som var om bord var evakuerte og at ferja var under slep. Brannen var framleis ikkje under kontroll.

Då brannen braut ut var det 49 passasjerar og eit mannskap på fem. Litt før 22.30 melde HRS at ferja blir slepen vidare til Forsand for vidare branninnsats på kai.

Alle passasjerane om bord får tilbod om transport og hotell for Fjord1. Brannen har no minka.

M/F Eid vart bygd i 1978 for dåverande Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

Dette er ikkje første gong at bilferja Eid har hatt problem. I oktober 2014 køyrde ho på land ved ferjekaia på Fure, og i august 2015 vart Eid slepa til kai i Værlandet ved hjelp av ein traktor:

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags