Utanlandsk interesse for Fjord1

EIGAR: Per Sævik er styremedlem i Fjord1, og representerer hovudeigar Havilafjord som eig 51,5 prosent av aksjane i selskapet.

EIGAR: Per Sævik er styremedlem i Fjord1, og representerer hovudeigar Havilafjord som eig 51,5 prosent av aksjane i selskapet. Foto:

Av

Ein institusjonell investor har kjøpt 3.150.000 aksjar i Fjord1, melder næringsavisa Nett.no. Hovudeigar Per Sævik meiner det er ein utanlandsk aktør som har vist interesse.

DEL

– Det var betydeleg interesse frå utanlandske finansaktørar rundt Norled. Det er ikkje urimeleg at nokre av dei som ikkje nådde opp der ser at aksjekursen i Fjord1 er interessant, seier Sævik til Nett.no.

Sævik er styremedlem i Fjord1 og representerer hovudeigar Havilafjord, som eig 51,5 prosent av aksjane i transportselskapet.

I mai blei Norled kjøpt opp av det finsk-svenske oppkjøpsfondet CapMan Infra og kanadiske CBRE Caledon. Dei kjøper 50 prosent av aksjane kvar. Seljar var familieeigde Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD).

Sævik avkreftar at Havilafjord vil selja, men seier det er hyggeleg at større investorar har interesse i selskapet.

Kjøpet vart tilrettelagt av Fearnley Securities etter at ein finansiell investor la inn ein ordre på mellom tre og fem prosent av uteståande aksjar i transportselskapet, skriv næringslivsavisa.

Investoren skal ha betalt 129 millionar kroner for aksjeposten på litt over 3 prosent av alle aksjar i selskapet.

Artikkeltags