Selde for rundt 1 milliard, no er Fjord1 vurdert til nesten 5 milliardar

PÅ BØRS: Meklarhusa, Fearnley Securities og Sparebank 1 Markets, tek sikte på at Fjord1 vert børsnotert innan utgangen av juni.

PÅ BØRS: Meklarhusa, Fearnley Securities og Sparebank 1 Markets, tek sikte på at Fjord1 vert børsnotert innan utgangen av juni. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NÆRINGSLIV: I haust selde Sogn og Fjordane fylkeskommune sine Fjord1-aksjar til Per Sævik for 1,065 milliardar. No kan selskapet vere verdt nesten 5 milliardar.

DEL

Før helga skreiv Firda at Per Sævik-familien sitt selskap, Havilafjord, har opna for å selje 49 prosent av Fjord1-aksjane sine for opptil 1,7 milliardar kroner ved å børsnotere reiarlaget.

Blir børsnotert innan juni

Prisindikasjonen for Fjord1 er mellom 3,2 og 3,5 milliardar kroner på 100 prosent basis.

– Førebels er det ei sondering for å sjå om marknaden er der for å betale ein fornuftig pris, sa Sævik til Finansavisen då.

Men måndag gjekk startskotet for nedsalet. Det finn stad ved ein bookbuildingprosess som skal avsluttast innan torsdag 4. mai. Tilretteleggarane, Fearnley Securities og Sparebank 1 Markets, tek sikte på at Fjord1 vert børsnotert innan utgangen av juni.

Verdi på nesten 5 milliardar

Ifølgje Finansavisen har Fearnley Securities sine analytikarar rekna seg fram til at Fjord1 har ein verdi på 4,3 milliardar kroner. Av analysen går det likevel fram at dei meiner selskapet kan vere verdt opptil 4,7 milliardar kroner.

SpareBank 1 Markets-analytikarane har anslått ei verdivurdering i området 4–4,5 milliardar kroner.

Begge meklarhusa peikar på ei solid kontraktsdekning og ein markant resultatframgang. Driftsmargina har auka frå vel 10 prosent til nær 30 prosent i løpet av seks år.

Artikkeltags