Fjord1 seglar i medvind

OPPSVING: Fjord1 auka kvartalsresultatet med nesten 80 millionar frå same tid i fjor.

OPPSVING: Fjord1 auka kvartalsresultatet med nesten 80 millionar frå same tid i fjor. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: Framgangen held fram for Fjord1. Fjoråret enda med eit rekordoverskot, og i første kvartal i år auka omsetnaden med nesten 83 millionar samanlikna med i fjor på same tid. 

DEL

Sysla fortel at den samla omsetnaden til konsernet i første kvartal var på 711 millionar kroner mot 628 millionar i fjor i same periode.

I kvartalsrapporten til selskapet kjem det dessutan fram at resultatet før av- og nedskrivingar, skatt og renter i same tidsrommet har auka frå 201 millionar til 217 millionar.

Resultatet før skatt viser ein liten oppgangen på rundt fem millionar, medan resultatet etter skatt er rundt 25 millionar lågare enn i same periode enn i fjor. Dette heng saman med stor auke i skattekostnadane første kvartal i fjor.

Artikkeltags