Heile Fjord1-styret og direktøren går

Både styreleiar Reidar Sandal (til høgre), administrerande direktør Dagfinn Neteland (i bakgrunnen) og resten av Fjord1-styret går av.

Både styreleiar Reidar Sandal (til høgre), administrerande direktør Dagfinn Neteland (i bakgrunnen) og resten av Fjord1-styret går av. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Heile styret med styreleiar Reidar Sandal i spissen og dagleg leiar Dagfinn Neteland trekker seg frå Fjord1.

Les også: Selde til Torghatten, men beklagar at Norled-forhandlingane rauk

I tillegg til Neteland  og Sandal seier desse frå seg verva sine: Heidi Kathrin Osland, Nils R. Sandal, Lars Birkeland og Jan Kildal. Det kjem fram i ei pressemelding frå Fjord1 torsdag morgon.

Grunnen til at styret trekker seg er mellom anna avviket mellom vedtaket gjort i fylkestinget 23. november, og styret si fråsegn i saka datert 16. november.

Fylkestinget vedtok 23. november å selje aksjane i FI Holding AS til Torghatten ASA. Det inneber eit stegvis sal ved at fylkeskommunen først sel 50 prosent av aksjane, før Torghatten får rett til å kjøpe resten av aksjane 1. januar 2017.

Om Torghatten ikkje kjøper også dei resterande 50 prosentane av aksjane, kan fylkeskommunen selje desse til andre etter 1. januar 2019.

Styret i Fjord1 uttalte i møte 16. november at direkte eller indirekte overdraging av eigarinteresser til ein konkurrent verken tener selskapet eller aksjonærfellesskapet.

Neteland og Sandal seier til Firda at dei har kjent seg motarbeidde frå dag ein.

FJORD1-SAKA:

  • Fylkeskommunen har fått utgreidd eigarskapen i Fjord1
  • Wiersholm og DHT Corporate Services har sett på å tre alternativ: 1. Som i dag 2. Ny medeigar 3. Heilt/delvis sal
  • Rådgjevarane har forhandla ein salsavtale med Torghatten ASA
  • Minoritetseigar Havilafjord AS har bydd på aksjane og hevdar forkjøpsrett. Denne retten meiner rådgjevarane til fylkeskommunen ikkje er gyldig slik salet blir gjennomført
  • Havilafjord har også skulda fylket sine rådgjevarar for å snakke usant om selskapet
  • Fylkestinget vedtok 23. november å selje Fjord1 til Torghatten
  • 26. november vart det klart at både styret og administrerande direktør i Fjord1 går av etter å ha fått nok av behandlinga frå fylkeskommunen.
  • 26. november kom det også fram at eit nytt Havila-tilbod på Fjord1 ikkje vart lagt fram for fylkestinget.

Saknar dialog

«I den lange perioden som Sogn og Fjordane fylkeskommune har brukt på å greie ut og vurdere eigarposisjonen med tanke på eit eventuelt sal, har selskapet aldri vore spurt om kva som vil vere det beste for Fjord1 AS.» skriv styret i pressemeldinga.

Les også: Her vedtek dei sal av Fjord1

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) var ordknapp då Firda spurde om ein kommentar i saka.

– Vi må ta deira avgjerd til etterretning. Eg vil streke under at dei har hatt vår tillit, at dei har gjort ein god jobb. Dei har snudd ei utvikling og har fått selskapet til å byrje å levere godt.

– Kva situasjon er dette for selskapet å stå i?

– Vi må legge opp ein prosess som gjer at vi sikrar selskapet best mogleg.

– Er ikkje dette skadeleg for selskapet?

– Vi må ta deira avgjerd til etterretning og handtere dette til det beste for selskapet.

– Burde ikkje fylkeskommunen som eigar ha ført ein dialog med selskapet som gjorde at ein unngjekk ein slik situasjon?

– Vi må ta deira avgjerd til etterretning, og handtere saka til det beste for selskapet.

– Men kunne fylkeskommunen gjort noko annleis for å unngå denne situasjonen?

– Min kommentar er som sagt at vi må ta deira avgjersle til etterretning. Fylkestinget har tatt ei avgjerd og styret har tatt si, så må vi ta det til etterretning og handtere saka på ein best mogleg måte, seier Følling.

Klikk deg gjennom tidslinja under for å få oversikt over alt som har skjedd i Fjord1-saka. Artikkelen held fram under.

Tidlegare i Fjord1-striden:

Havilafjord-eigar, Per Sævik, har sagt han vil møte fylkeskommunen i retten, om fylkestinget vedtok salet til Torghatten. «Er det trøbbel dei ønsker, skal dei få det», har han ytra.

Konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest har tidlegare gått ut og åtvara fylkespolitikarane mot Fjord1-salet det no blir lagt opp til.

Styreleiar Reidar Sandal og administrerande direktør Dagfinn Neteland har tidlegare gitt klar beskjed til fylkesutvalet om at dei ikkje ønsker at Fjord1 skal bli selt til Torghatten.

Norvall Nøringset, tidlegare fylkestingsrepresentant for SV, har uttalt at Fjord1-prosessen grensar til å vere korrupt.

– Eg seier ikkje at det som skjer er ulovleg, men det verkar moralsk og etisk forkasteleg, sa han tidlegare til Firda.

Artikkeltags