Fjord1-ferje brann – neste veke startar arbeidet med å finne årsaka

BRANN: M/F Eid -tilhøyrande reiarlaget Fjord1 - byrja å brenne i Lysefjorden i Rogaland fredag 17. august 2018.

BRANN: M/F Eid -tilhøyrande reiarlaget Fjord1 - byrja å brenne i Lysefjorden i Rogaland fredag 17. august 2018. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FERJE: Fredag kveld fekk M/F Eid motorhavari i nærleiken av Preikestolen. Ingen passasjerar eller mannskap kom til skade under hendinga, og alle vart evakuert.

DEL

Ferja hadde eit mannskap på fem personar og det var 49 passasjerar om bord då røykutviklinga oppstod.

Naudetatar vart tilkalla og passasjerane fekk transport til Forsand med båtar som var i området. Alle fekk også tilbod om overnatting.

Laurdag blir det arbeidd med å få sett i land køyretøy som framleis er om bord på ferja. M/F Eid blir rutinemessig undersøkt neste veke for å finne årsaka til havariet.

Ferja er for tida utleigd til The Fjords DA for operasjon i Lysefjorden. Inntil vidare vil det gå ein passasjerbåt på sambandet.

– Fjord1 ønskjer å takke alle private og offentlege instansar for god hjelp under hendinga, skriv selskapet i ei pressemelding.

Artikkeltags