Ferjene i Askvoll er skadde etter samanstøyt

RAUK I HOP: MF Davik er ute av trafikk på grunn av samanstøyten med MF Nordfjord. Her ligg begge ferjene til kai laurdag ettermiddag. Nordfjord går i trafikk på Askvoll – Fure – Gjervik.

RAUK I HOP: MF Davik er ute av trafikk på grunn av samanstøyten med MF Nordfjord. Her ligg begge ferjene til kai laurdag ettermiddag. Nordfjord går i trafikk på Askvoll – Fure – Gjervik. Foto:

Passasjerbåt utfører delar av laurdagsruta til Værlandet fram til erstatningsferje er på plass.

DEL

– Sånn eg har fått det forklart, har den eine ferja blåse inn i den andre då dei låg til kai i Askvoll, seier Tor Kristoffersen i Fjord1.

Ferja Davik har fått skadar, mellom anna på vindauge, som gjer at ho ikkje kan gå i rute. Den andre kan framleis gå i trafikk, men har fått ein skade på ferjelemmen som gjer at ho må snu for å la bilane køyre på land.

– Vi jobbar no med å få på plass ei reserveferje. Ho ligg i Måløy no, så det tar uansett nokre timar. Det er også litt avhengig av vêret, seier Kristoffersen.

Og vêret er røft, særleg på kysten, kan Kristoffersen melde. Dei fleste ferjerutene går likevel normalt, i alle fall i Sogn og Fjordane.

Som følge av redusert kapasitet blir turen frå Askvoll klokka 11:45 og returen frå Værlandet klokka 12:45 køyrde med passasjerbåt.

Artikkeltags