– Vi har gjort oss til latter for heile Norge

– Dette er eit av dei viktige momenta som vi trekte fram i behandlinga av Fjord1-handelen. Nemleg at konkurransetilsynet kom til å ha innsigelsar på ein fusjon mellom det største og nest-største ferjeselskapet i landet, seier fylkesleiar for Ap, Hilmar Høl.

– Dette er eit av dei viktige momenta som vi trekte fram i behandlinga av Fjord1-handelen. Nemleg at konkurransetilsynet kom til å ha innsigelsar på ein fusjon mellom det største og nest-største ferjeselskapet i landet, seier fylkesleiar for Ap, Hilmar Høl. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Fylkespolitikar Hilmar Høl (Ap) trur Torghatten sitt Fjord1-kjøp vil bli stoppa av Konkurransetilsynet. – Dette er eit varsel om at prosessen ikkje heldt mål, seier han.

DEL

– Det finst ikkje vinnarar eller taparar i denne saka. Det er berre ei veldig trist sak.

Det seier fylkesleiar for Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Hilmar Høl, om den siste utviklinga av Fjord1-saka. Han meiner at varselet som Konkurransetilsynet i dag sende til partane i Fjord1-handelen, er stikk i strid med kva rådgjevarane sa då fylkestinget behandla saka.

Kritiserer rådgjevarane

– Eg trekkjer parallellar til då rådgjevarane sa at fusjonen mellom Fjord1 og Norled ikkje ville bli godkjend av tilsynet. Det var det tredje største og det største ferjeselskapet i landet. Men dei samme rådgjevarane trudde ikkje at fusjonen av Fjord1 og Torghatten skulle møte mostand hos tilsynet, sjølv om dette var det største og det nest største selskapet i landet, seier han.

Han var på nei-sida til Fjord1 salet, og har lenge vore skeptisk til fylkeskommunen si behandling av saka.

– Dette er eit varsel om at prosessen ikkje heldt mål, og at vurderingane og anbefalingane frå rådgjevarane til fylkestinget ikkje heldt mål. Dei var klare på at tilsynet ikkje kom til å seie nei til denne handelen. Men vi som var på den skeptiske sida stilte spørsmål om kvifor rådgjevarane trudde at tilsynet ville reagere på fusjon mellom Norled og Fjord1, og ikkje mellom Fjord1 og Torghatten, seier Høl.

Trur salet blir stoppa

Korleis trur du det går med Fjord1-handelen?

Eg trur det kjem til å gå i denne retninga. Det finst ikkje vinnarar eller taparar i denne saka. Det er berre ei veldig trist sak. Så i utgangspunktet trur eg at det vil gå mot at salet blir stoppa, og så har vi gjort oss til latter for heile Norge, seier han.

Torghatten har no 15 dagar på å kommentere varselet som Konkurransetilsynet har sendt, før tilsynet får 15 dagar på å gjere ei endeleg avgjerd. Dersom Torghatten vel å komme med forslag til nye tiltak, får tilsynet 15 dagar ekstra til å fatte den endelege avgjerda om handelen.

Trur du Torghatten kjem med tilstrekkelege tiltak, slik at handelen går i boks?

Det vil eg helst ikkje uttale meg om. Men eg trur i utgangspunktet at dei har gitt det dei kan, og ligg på smertegrensa når det gjeld å komme med tiltak. Når tilsynet går så klart ut no, sjølv om dei har 30 dagar på seg til å vurdere tiltaka, har dei sagt eit ganske klart nei til handelen per i dag. Men vi får sjå, seier Ap-fylkesleiaren.

Artikkeltags