Danske henta ned frå fjell i Årdal med helikopter

DEL

Ein dansk turist har tilkalla hjelp laurdag ettermiddag. Turisten var på tur på Klypedalsnosi i Årdal då han gjekk seg fast ca. 1500 meter over havet.

– Han er godt kledd og vi har kontakt med han fortløpande, opplyser operasjonsleiar Morten Rebnord ved Vest politidistrikt klokka 13.40 laurdag.

Turisten har også godt med batteri på telefonen.

– Han er lokalisert og har fått beskjed om å halde seg i ro.

Norsk Folkehjelp Årdal var første instans og hadde ein operativ leiar og to mannskap på plass. Mannskap frå lokalt Røde Kors blei også sendt oppover for å finne han.

Like før klokka 16.00 opplyste operasjonsleiar Per Algrøy at dansken var henta ned av fjellet i god behald.

– Redningshelikopter frå Florø har plassert han på Årdalstangen. Familie er kontakta og han ventar der på skyss, seier Algrøy.

Mannen skal ha fått problem då det begynte å snø i fjellet.

– Han kom seg ikkje vidare på dette. Han var godt kledd, men det var viktig å få han ned på grunn av vêret som er venta, slår Algrøy fast.

Artikkeltags