Birgitte (24) gravlagd: Døydde av sår ho fekk då ho hjelpte ein liten kvalp på Filippinane

Birgitte Kallestad vart gravlagd frå Foldnes kyrkje på Sotra i Fjell kommune. Foto: Skjalg Ekeland (BA)

Birgitte Kallestad vart gravlagd frå Foldnes kyrkje på Sotra i Fjell kommune. Foto: Skjalg Ekeland (BA)

Birgitte Kallestad (24) vart gravlagd frå Foldnes kyrkje onsdag ettermiddag.

DEL

Birgitte Kallestad (24) døydde fredeleg med sine næraste rundt seg på Førde sentralsjukehus måndag 6. mai. Ho døydde etter å ha blitt smitta av rabies på Filippinane.

24-åringen vaks opp i Fjell kommune.

Dyreelskar

Bergensavisen (BA) og Firda media har fått løyve til å referere frå minnetalen som vart halden under gravferda i Foldnes kyrkje. Det var prest Maria Tvedten som las minneordet.

Der kjem det mellom anna fram at 24-åringen budde heile barndom på Bjorøy, saman med foreldra og tre søsken.

– Resten av familien – farmor og farfar, mormor og morfar, tanter og onklar og kusiner og fetrar – dei har vore nær kvarandre i dobbelt forstand; mange av dykk bur på Bjorøy eller berre ein kort køyretur unna, men dei har òg vore nær kvarandre i relasjon, sa Tvedten.

I minnetalen får vi høyre om ei bestemt ung dame som tidleg vart kjend med det amerikanske van-miljøet. Gjennom dette fekk 24-åringen venner frå heile Norge og også utover landegrensene.

Birgitte var også ein dyreelskar. Ho begynte å ri då ho var seks ås, og gjekk hestelina på Stend vidaregåande skule. Omsorga for dyr strekte seg langt utover hesteinteressa.

«Det er berre fire år sidan ho kom heim med ein kattunge og bad pent om dei ikkje kunne ha den i fosterheim ein kort periode. Vel, kattungen er no blitt fire år og har framleis ikkje flytta. Og året etterpå fekk dei eit bilde på telefonen av ein nydeleg liten hund på åtte månader, som skulle omplasserast. Om ikkje Birgitte kunne få overta den? Ja, slik blei det.»

Nært forhold til besteforeldre

I minnetalen vert 24-åringen skildra som ei kvinne med eit sterkt forhold til sine besteforeldre, og ei som hadde mange venner.

«Birgitte var ein god person å ha i nærleiken. Ho hadde eit smittande godt humør og var eit imøtekommande menneske med ein stor omgangskrets. Då ho kom heim, var det alltid travelt, for ho hadde mange venner – og ville prøve å treffe dei alle.»

I Førde trefte ho kjærasten sin, som ho også var sambuar med.

«Då dei blei kjærastar og flytta saman, strålte ho verkeleg. Birgitte hadde funne den store kjærleiken, det kunne alle som kjente Birgitte sjå.»

«Dessverre enda den fine tida dei hadde saman brått og brutalt då Birgitte blei sjuk. Dei som var glad i Birgitte sit igjen med ei stor sorg – som lever sine egne liv, utan ord.»

Familien retta i minnetalen ein stor takk til alle som har vore til hjelp og støtte i den vanskelege tida etter at Birgitte blei sjuk. Dei nemner personalet på Førde sjukehus, familie, venner og kollegaer, samt alle involverte frå Fjell kommune får ein takk frå familien.

Leika med kvalp

I slutten av førre veke sende familien ut pressemelding for å få ut den sanne historia om kva som skjedde då Birgitte vart sjuk.

– Birgitte reiste til Filippinane i februar saman med fleire venner. Då dei var ute og køyrde moped, såg dei ein liten hjelpelaus kvalp i vegkanten. Birgitte løfta kvalpen opp i ei korg, og tok den med heim. Ho vasket og stelte den og den begynte til hennar glede å friskne til. Dei leika med kvalpen i hagen. Alle i huset leika med kvalpen, også familien som budde i resorten, og naboungane. Etter kvart begynte kvalpen å bite etter dei på kvalpevis. Den nappa etter fingrane når dei leika. Alle fekk nokre små kvalpebit i ferien. Birgitte som sjølv er helsearbeidar gjorde alt ho skulle. Dei små skrammene var ikkje større enn at de blei sterilisert. Ingen av dei ho var saman med såg noko trong for legetilsyn.

Byrja å bli sjuk

– Først etter at ho hadde vore heime i Norge i lang tid, begynte ho å bli sjuk. Ingen kopla dei små skrammene frå ferien til sjukdommen, aller minst Birgitte. Sjukdommen utvikla seg vidare mens legane kjempa for å finne ut kva som var gale. Ho hadde fleire turar til legevakta, og blei til slutt innlagt. En lege mente at symptoma kunne likne på rabies. Reisefølget var ikkje vaksinert. Det er fordi denne vaksinen ikkje er på lista over vaksinar som er påkravd til Filippinane, med mindre du reiser til område med dårlege hygieniske og sanitære forhold.

– Vår kjære Birgitte elska dyr. Vår redsel er at dette skal skje andre som har eit varmt hjarte som henne. Vi ønskjer at denne vaksinen blir med i programmet for stader der det kan vere rabies, og at folk blir merksame på farane. Klarer vi å oppnå dette kan vår solstråles død redde andre, skriv familien i deira varme helsing.

I dødsannonsen står det at ein gåve til Dyrebeskyttelsen er like kjært som blomster.

Jobba på sjukehus

Kallestad kom frå ein liten stad i Fjell, der dei aller fleste kjenner kvarandre. Ho utdanna seg til bioingeniør, og flytta til Førde der ho fekk jobb på Førde sentralsjukehus.

Over 30 helsearbeidarar som har vore i kontakt med Kallestad har blitt vaksinert.

Også dei andre i reisefølget blei vaksinert etter at det blei kjent at 24-åringen kunne vere rabies-smitta. Ingen av dei andre som leika med kvalpen på Filippinane skal ha hatt rabies-symptom.

Folkehelseinstituttet har òg varsla helsestyresmaktene på Filippinane om saka.

– Vi er informert om at helsemyndigheitene lokalt følger opp hendinga, seier Siri Helen Hauge, overlege og spesialist i samfunnsmedisin ved Folkehelseinstituttet.

Artikkeltags