Trafikkulykke i Fjærland

ULYKKE: Ein bil krasja i Bergstunellen i Fjærland (merkt med gul stjerne) måndag kveld.

ULYKKE: Ein bil krasja i Bergstunellen i Fjærland (merkt med gul stjerne) måndag kveld.

TRAFIKK: Ein bil med to personar køyrde i fjellveggen i Bergstunnelen i Fjærland.

DEL

Ulykka blei meld klokka 20.10 måndag ettermiddag.

Naudetatane rykte ut til staden, men dei to involverte kom seg ut av bilen sjølve.

Dei verka ifølge politiet uskadde og blei avhøyrde på staden. Det blei ikkje gjort førarkortbeslag og det er ikkje mistanke om rus.

Helse Førde AMK opplyser at dei involverte blei sende til lokalt legekontor for sjekk.

Det var berre ein bil involvert i ulykka.

– Brannvesen og ambulanse er no på staden, men politiet har ikkje komme fram enno, sa Stein Rune Halleraker ved politiet sin operasjonssentral til Firda måndag kveld.

– Så vidt eg har fått beskjed om er det snakk om kollisjon inne i tunnelen, og det skal vere mindre personskadar, men eg kan ikkje bekrefte dette sikkert før vår mann er framme på staden, sa Halleraker.

Artikkeltags